Ap-leiar Jonas Gahr Støre (midten) saman med SV-leder Audun Lysbakken (til venstre) og Sp-leder Trygve Slagsvold på starten regjeringssonderingane. Ap og Sp går no vidare med reelle forhandlingar, medan SV ikkje er med. Foto: Torstein Bøe/NTB/NPK.

Både Ap og SV fram på måling

Ap får ei oppslutning på 27,3 prosent på Vårt Lands partibarometer for september, opp 1 prosentpoeng frå valet. SV går fram 1,1 prosentpoeng til 8,7 prosent.

For Sp, det tredje partiet som har delteke i regjeringssonderingane, er oppslutninga på Vårt Lands måling 12,8 prosent, eit fall på 0,7 prosentpoeng samanlikna med stortingsvalet 13. september.

Onsdag vart det kjent at SV trekkjer seg frå sonderingane om eit raudgrønt regjeringssamarbeid, men partiet håpar framleis på innverknad som budsjettpartnar. Ap, Sp og SV ville med meiningsmålinga som valresultat ha fått 85 mandat, akkurat det som trengst for stortingsfleirtal – og fire færre enn partia faktisk fekk ved valet.

Artikkelen held fram under annonsen.

På målinga fell Raudt 0,7 prosentpoeng og ligg dermed akkurat på sperregrensa på 4 prosent. Samtidig hevar MDG seg over grensa med ei oppslutning på 4,4 prosent, opp 0,5 prosent.

For resten av partia er oppslutninga som følgjer: KrF 3,5 (-0,3), Venstre 4,3 (-0,3), Høgre 20,8 (+0,4), Frp 11,2 (-0,4) og andre 3,2 (-0,4).

Målinga er gjort av Norstat i perioden 21. til 25. september, og 959 personar har svart. Feilmarginen ligg mellom 1,2 og 3,2 prosentpoeng og er som vanleg størst for dei største partia.

(©NPK)