Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner at Noreg har fått mykje igjen for den no 30 år gamle EØS-avtalen. Men i ei ny undersøking har skepsisen til avtalen auka. Foto: Javad Parsa/NTB/NPK.

Aukande EØS-skepsis blant nordmenn i ny undersøking

Under halvparten av dei spurde i ei ny meiningsmåling svarer at dei ville stemt for å behalde EØS-avtalen dersom det var folkeavstemming i dag.

Det viser ei meiningsmåling Norstat har gjennomført på oppdrag frå Dagsavisen.

På spørsmålet «dersom det var folkeavstemming om EØS-avtalen i morgon – ville du stemt ja eller nei?» svarer berre 46 prosent «ja». Dette talet er historisk lågt, skriv avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

23 prosent svarer «nei» på same spørsmål. Også dette er eit lågt tal. 28 prosent svarer «veit ikkje» og 3 prosent svarer at dei ikkje ville stemt.

Statsminister og EU-tilhengar Jonas Gahr Støre (Ap) seier til Dagsavisen at Noreg får veldig mykje igjen for EØS-avtalen og meiner at EØS-avtalen har tent norske interesser godt i 30 år

– Meiningsmålingar som dette er ei påminning om at vi må hegne om avtalen og snakke om kva han betyr for Noreg, seier han.

Både Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen og Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad peikar på energipolitikken og straumprisane som nokre av årsakene til at EØS- og EU-skepsisen framleis er stor i Noreg.

I undersøkinga er nordmenn også spurde om korleis dei ville stemt viss det skulle dreie seg om Noreg skulle bli medlem i EU. Her svarer 26 prosent at dei er for eit medlemskap, medan nei-motstanden framleis er solid med 49 prosent som ikkje ville ha stemt for. Berre 3 prosent svarer at dei ikkje ville ha stemt.

Desse tala viser også ei lågare EU-oppslutning enn dei siste åra. Sidan 2020 har oppslutninga om eit norsk EU-medlemskap lege på rundt 30 prosent. (©NPK)