Åtte smittetilfelle knytt til person i Stad - ein av dei bur i Gloppen

Til saman åtte personar har fått påvist smitte med covid-19 kopla til kontakt med ein person i Stad kommune.

– Dei siste dagane har Stad kommune jobba aktivt med smittesporing kring fleire tilfelle av smitte med covid-19. Situasjonen er no at til saman åtte personar har fått påvist smitte med covid-19 kopla til kontakt med ein person som har vore på reise til Bergen i slutten av veke 45, skriv Stad-ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

Fire personar er smitta i direkte kontakt med den reisande. Fire andre er smitta etter kontakt med ein av desse igjen. Alle personar med påvist smitte er i isolasjon og alle nærkontaktar er sett i karantene og vert følgde opp med testing. Tre av dei smitta er i heimeisolasjon i Stad kommune. Dei andre som er smitta er heimehøyrande i Volda, Stryn, Gloppen, Kinn, Bremanger og Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunen vil kome med ny informasjon ved vidare utvikling i saka etter som smittesporingsarbeid og testinga held fram. Ein har ikkje funne grunnlag for lokale tiltak utover dei grunnleggande smitteverntiltaka og dei nasjonale retningslinjene. Aktivitet i skular, barnehagar og andre arbeidsplassar kan halde fram som før, skriv Bjørlo og held fram:.

– Alle som vert sjuke med feber og/eller luftvegssymptom skal ha låg terskel for å teste seg og halde seg heime til dei har fått negativt svar på testen og føler seg friske. Alle vert oppmoda til å ha så få nærkontaktar som mogeleg i kvardagen, halde avstand til andre og ha god handhygiene.