«Interiør». Foto: Thomas Widerberg.

Astrup-måleri blir vist offentleg for første gong på 95 år

Fredag opnar utstillinga «Nikolai Astrup: Mine henders gjerningar» på Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde. Med på utstillinga er måleriet «Interiør», som berre er blitt sett av få personar sidan 1928.

I 2019 blei seniorkurator Tove Haugsbø ved KODE i Bergen og Nikolai Astrup Forskingssenter intervjua av NRK om kartleggingsarbeidet av måleria til Astrup. Like etter reportasjen vart publisert fekk ho ein telefon, skriv NRK.

1927

– Eigaren av måleriet «Interiør» las artikkelen og ringde oss og fortalde at dette biletet var heime hos dei. Måleriet har gått i arv sidan skipsreiaren Georg von Erpecom kjøpte det av Astrup i 1927, seier Haugsbø til allmennkringkastaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Måleriet er måla i 1927, året før kunstnaren døydde. Det er i privat eige og den einaste utstillinga det har vore ein del av, var ei minneutstilling i 1928.

68 ukjende måleri

12. mai opnar ei Nikolai Astrup-utstilling på Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde. Museet viser fram måleriet for første gong.

Enno er det 68 måleri på lista over ukjende Astrup-måleri. Tove Haugsbø trur nokre brann opp i den store brannen i Bergen i 1916, at nokre drog over Atlanteren då nordmenn utvandra til Amerika – og at nokre truleg har ein original Astrup heime hos seg.

Apneseth-konsert

På opninga fredag blir det opningstale ved ordførar i Sunnfjord kommune, Jenny Følling, og kommunalsjef kultur og idrett, Hilde Bjørkum.

Det blir òg konsert med den utflytte jølstringen Erlend Apneseth og avsluttande ord ved Jan Heggheim, som er administrerande direktør for Musea i Sogn og Fjordane.