-Tenk at astrup gjorde ting her som reiste ut i verda, sa Hege Nesheim og såg utover Astruptunet etter å ha vore på utstilling på Hennie Onstad Kunstsenter

- Astrup er som antioksidantar

Hege Nesheim frå Jevnaker var i Astruptunet for 15 år sidan. Sist veke var ho på plass att etter å ha køyrt feil og hamna i Briksdalen, før ho til slutt fann fram til Sandalsstrand og Kunstnarheimen.

Grunnen til at ho no var tilbake att, var at ho hadde besøkt Astrup-utstillinga på Hennie Onstad Kunstsenter på Høvikodden.Sist ho var i Astruptunet var ho ikkje inne i husa, noko ho fekk høve til denne gongen.

-Alle smilte - Det var noko heilt spesieklt å komme inn i utstillingslokala i Oslo, fordi eg såg noko eg aldri tidlegare har sett på utstilling, nemleg at alle gjekk rundt og smilte. - Kvifor smilte dei, trur du? - Bileta til Astrup er fullstendig fri for død og smerte. Det handlar berre om livet og akkurat det er så unikt i ei verd med så mykje elende, sa den kunstinteresserte dama om kunstnaren som i år får mykje merksemd i inn- og utland.

Gartnaren Mange av Astrup sine motiv er henta frå Astruptunet og hagen der. Tre og plantar er ofte dominerande trekk i kunsten hans, i tillegg til naturen generelt i Jølster. - At han var så oppteken av jord og plantar, var eg ikkje klar over før eg las ein biografi om han der gartnaren Astrup var tema. Det måtte jammen vere litt av eit liv å drive jordbruk i desse bakkane, sa Hege Nesheim og såg rundt seg på dei bratte skråningane der ein på ingen måte kunne tru at nokon kunne bu, og endå mindre kunne produsere noko.

Fjella stengde ikkje Hege Nesheim tykte utstillinga i Oslo var presentert på ein framifrå måte. - Dei svarte veggane får fram fargane i måleria på ein spesiell måte, men det er like spesielt å vere her i tunet og sjå motiva rundt. Eg skjønar veldig godt kvifor så mange fell for denne kunstnaren. Han er rett og slett som antioksidantar for kropp og sjel, og no står eg her ved reisa sin slutt, det er rett og slett fantastisk, smilte dama som også hadde noko å seie om fjella. - Når eg sit her og ser ut over dette tunet, desse bakkane og fjella rundt, då er det at eg ser kor fantastisk det var at  Astrup skapte ting her som reiste ut i verda, og at han sjølv reiste ut i verda frå denne avsidesliggande plassen, sa ein filosoferande Astrup-tilhengar før ho hasta vidare på jakt etter nye spor etter gartnaren frå Sandalsstrand.







Meir om denne saka i papiravisa tysdag

Hege Nesheim var ikkje inn i husa første gongen ho var på astruptunet. det fekk ho høve til denne gongen og ho vart imponert av det ho fekk sjå
Alise Hjellbrekke har vore guide i Astruptunet i mange år. Ho merkar auka besøkstal og at mange av dei besøkande enten har vore på utstilling, eller skal.
Solveig Berg Lofnes har det daglege ansvaret for drifta av Astruptunet. Ho kan glede seg over auka besøkstal, men reknar med at dei først neste år vil merke full effekt av utstillingane i utlandet.