Jon Askeland. Pressefoto.

Askeland toppar Sp-framlegg

Nominasjonsnemnda til Hordaland Sp og Sogn og Fjordane Sp føreslår samrøystes Jon Askeland frå Radøy til listetopp og fylkesordførarkandidat for nye Vestland fylke.

Askeland har dei siste tolv åra vore ordførar på Radøy, og er i dag også leiar i miljø- og samferdselsutvalet i Hordaland fylke.

Med si breie erfaring og samlande eigenskapar, sin store arbeidskapasitet og gode kjennskap til heile det nye fylket, er Jon ein klar kandidat til å verta Vestland fylke sin første fylkesordførar, skriv partiet i ei pressemelding.

På andre plass støttar fleirtalet i nemnda Aleksander Øren Heen frå Årdal, medan mindretalet støttar Sigurd Erling Reksnes frå Eid. Begge er svært solide kandidatar som på kvar sin måte vil bidra med politisk tyngde, engasjement og kompetanse.

Noverande fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, er samrøystes innstilt på tredjeplass. Nemnda er svært glade for at Jenny ynskjer å bidra med sin kunnskap og erfaring i den nye fylkestingsgruppa.

På fjerdeplass innstiller nemnda samrøystes Sigrid Brattabø Handegard, tidlegare ordførar i Jondal, politisk rådgjevar for samferdselsministeren og noverande sentralstyremedlem i Senterpartiet.

På femteplass innstiller nemnda på Hilde Horpen, fylkesleiar i Sogn og Fjordane senterungdom. Hilde har trass sin unge alder opparbeidd seg rik erfaring både organisatorisk og politisk og er no er inne i sin fyrste periode som kommunestyremedlem i Årdal.