Vestland Senterparti stiller med Jon Askeland (i midten), Aleksander Øren Heen og Jenny Følling som dei tre øvste på lista til fylkestingsvalet neste år.

Askeland toppar i Sp

Vestland Senterparti hadde nominasjonsmøte i Bergen fredag.  Jon Askeland frå Radøy, som i dag er ordførar i heimkommunen, vart samrøystes valt som Senterpartiet sin fylkesordførarkandidat.

På dei neste plassane kom Aleksander Øren Heen (Årdal), Jenny Følling (Gaular), Sigrid Brattabø Handegard (Jondal) og Hilde Horpen (Årdal – Senterungdomen).

– Senterpartiet har som mål å få den første fylkesordføraren i det nye Vestland fylke, seier Askeland i ei pressemelding.

– Med eit godt lag, ein god valkamp og hardt arbeid framover, meiner eg dette er ei realistisk målsetjing. Vi har ein politikk som nærast er spesialtilpassa utviklinga i det nye Vestland fylke. Vi har moglegheitene, no vert det opp til oss. Det har vore stor skepsis til fylkessamanslåinga i Sp, men ingen skal tvile på at vi er innstilte på å byggje Vestland til den beste fylkeskommunen i landet å bu i, held fylkesordførarkandidaten fram.

  Dette er dei 15 øvste på lista:


  1. Jon Askeland – Radøy / Alvær

  2. Aleksander Øren Heen – Årdal

  3. Jenny Følling – Gaular / Sunnfjord

  4. Sigrid Brattabø Handegard – Jondal / Ullensvang

  5. Hilde Horpen – Årdal / Senterungdomen

  6. Aleksander Fosse Andersen – Bergen

  7. Sigurd Reksnes – Eid / Stad

  8. Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim – Etne

  9. Gunn Åmdal Mongstad – Solund

  10. Lars Fjeldstad – Osterøy / Senterungdomen

  11. Samson Hamre – Voss

  12. Karoline A. Bjerkeset – Gloppen

  13. Jostein Ljones – Kvam

  14. Erlend Haugen Herstad – Naustdal / Sunnfjord

  15. Hans Inge Myrvold – Kvinnherad