Toget skal sjølvsagt òg innom slottet. Foto: Skogliv.

Arrangerer det største 17.-mai-toget på Minecraft

For andre år på rad er det mogleg å bli med på det største 17. mai-toget i landet i år. Toget går i dataspelet Minecraft.

– Vi ønskjer å gje borna ei betre feiring enn dei ville hatt utan. Vi vil rett og slett gje borna ein kul 17. mai, seier Erlend Pilø (25) til NRK.

Han er saman med Tarjei Mo Batalden (22) og Tobias Laundal (22) i innspurten med å førebu eit digitalt 17. mai-tog i dataspelet Minecraft. Folk frå heile landet kan bli med i det digitale toget frå sju om morgonen til ti om kvelden, og ei rekke kommunar har meldt seg på. Det er andre året på rad dei arrangerer tog, og i år har nærare 25.000 meldt interesse for arrangementet på Facebook.

Artikkelen held fram under annonsen.

I spelet Minecraft kan ein bygge og rive ned konstruksjonar av kubar i ei 3D-verd. Det er Skogliv som organiserer toget. Skogliv er Noregs største Minecraft-samfunn, og jobbar for å gje born ein trygg stad å spele saman på internettet, styrt av vaksne som passar på.

Saman med born og unge frå heile landet, har dei bygd opp ein slags eventyrsti. Toget går frå Slottsplassen og er innom forskjellige stader i landet, som Austlandet, Sørlandet, Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg, før toget endar opp ved Stortinget.

– Alle som vil skal få vere med på denne spektakulære feiringa. Det blir flagg, faner og musikk, berre i kjent Minecraft-stil. Vi gjer også vårt beste for at alle skal kunne sjå og finne nokon dei kjenner eller som er fra same stad som seg sjølv, seier Tarjei Mo Batalden til Microsoft.

(©NPK)

Det digitale 17.-mai-toget passerer Bryggen i Bergen. Foto: Skogliv
Spektakulær 17. mai-utsikt frå Trolltunga. Foto: Skogliv
Erlend Pilø, Tarjei Mo Batalden og Tobias Laundal i Skogliv står bak det digitale 17. mai-toget i Minecraft som blir arrangert for andre året på rad. Foto: Skogliv