Nominasjonsnemnda har innstilt Åsta Årøen på topp på Venstre si valliste til fylkestingsvalet neste år. Pressefoto.

Årøen innstilt på topp for Vestland Venstre

– Åsta Årøen bør vere vår fremste kandidat ved fylkestingsvalet i 2023. Det er nominasjonsnemnda samde om, seier leiar Elizabeth Toft Erichsen.

Årøen bur i Bergen, er leiar i Vestland Venstre og utdanna jurist. Ho jobbar som administrasjonsleiar i Bergen Kirkelige Fellesråd, er vara til bystyret og medlem i Kontrollutvalet i Bergen.

– Eg er svært oppteken av at den vidaregåande opplæringa er god og relevant for ungdomane våre, seier Årøen i ei pressemelding og understrekar at det ikkje minst er heilt avgjerande at ein legg til rette for god fagopplæring..

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og så er vår viktigaste sak, også i fylkespolitikken, å ta vare på naturen og redusere klimautsleppa. Difor er eg svært oppteken av Bybanen. Det er svært viktig at utbygginga held, fram slik at vi får dette grøne samferdsleprosjektet i hamn, held ho fram.

Jakob Nødseth, Kinn, er føreslegen på 2.-plass på lista. På 3.-plass føreslår fleirtalet i nemnda ungdomskandidaten Camilla Ellen Berg Larsen frå Stord. Mindretalet ønskjer ungdomskandidaten Marius Hellan Hindenes frå Alver på denne plassen.

Jølstringen Atle Hamar er føreslegen på 5,-plass, med stryningen Torstein Tvinnereim på plassen bak.

På lista finn vi elles Bjarte Gangeskar, Gloppen, på 32.-plass og jølstringen Vigdis Tonning på 34.-plass.

Vestland Venstre sitt nominasjonsmøte går av stabelen i Bergen 19. november. Partiet har to medlemer i det sitjande fylkestinget.