Jonas Gahr Støre og Arbeiderpartiet halar innpå Erna Solbergs Høgre på Opinions kommunemåling for september. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Arbeidarpartiet dreg innpå Høgre i ny måling

Arbeidarpartiet halar innpå Høgre i Opinions kommunemåling for september. No er avstanden 5,5 prosentpoeng, mot 7,6 i august.

I målinga som Opinion har utført for FriFagbevegelse, Fagbladet og Dagsavisen i september, blir Høgre målt til 25 prosent mot Aps 20,5. Dermed har avstanden mellom dei to krympa den siste månaden.

Arbeidarpartiet kan for første gong sidan 1924 miste førsteplassen. Ap har ikkje vore noko anna enn det største partiet i landet i val i 99 år. Høgre overtek trona dersom denne målinga blir valresultatet.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Sp og Frp er resultatet så å seie uendra frå august. SV, som er den føretrekte budsjettpartnaren til regjeringa, går tilbake 1,9 prosentpoeng frå førre månad, medan Raudt får 3,6 prosent – eit fall på 2,5 prosentpoeng.

Heile målinga ser slik ut (endring frå målinga i august i parentes): Raudt 3,6 (-2,5), SV 6,5 (-1,9), Ap 20,5 (+2.1), Sp 8,7 (-0,1), MDG 4,2 (-1,6), KrF 4,9 (+0,8), Venstre 5,8 (+0,9), Høgre 25 (-1), Frp 9,2 (uendra), Andre 11,6 (+3,3). I kategorien Andre blir Industri- og næringspartiet (INP) målt til 4,1 prosent og er desidert størst i denne kategorien.

Målinga er basert på 1000 telefonintervju gjennomført mellom 4. og 6. september. Resultata må tolkast innanfor feilmarginar som varierer mellom 1 og 3 prosentpoeng.

(©NPK)