Foto: Ole Matias Aa.

Arbeidar testa positivt

Ein innleigd arbeidar ved Brødrene Aa har testa positivt på covid-19, skriv Gloppen kommune i ei pressemelding.

– Vedkomande har vore testa både ved utreise frå heimlandet og på Gardermoen ved innreise i tråd med dei nye retningslinjene. Vedkomande har sete i karantene sidan ankomst og er symptomfri. Denne positive testen har kome i karanteneperioden, utan andre nærkontaktar, og difor reknar kommunen smitten og situasjonen for under kontroll, opplyser ordførar Leidulf Gloppestad.

– Dette syner oss nok ein gong, at for sikkerheit og smittesporinga sin del, er det avgjerande at reisande inn til landet både vert testa, sett i karantene og sit ut karanteneperioden. Dette fordi det er fullt mogleg å bli smitta ved innreise, utan at dette syner på testen som vert tatt på grensa, skriv Gloppestad.

Artikkelen held fram under annonsen.