Ap-leiar Jonas Gahr Støre opplyste måndag ettermiddag at regjeringssonderingane med Sp og SV startar torsdag denne veka. Kor lenge dei vil vare, vil han ikkje sei e noko om. Foto: Annika Byrde/NTB/NPK.

Ap, Sp og SV startar regjeringssonderingar på Hurdalsjøen Hotell torsdag

Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier sonderingar om regjeringsforhandlingar mellom Ap, Sp og SV etter planen skal starte på Hurdalsjøen Hotell torsdag.

– Eg har hatt gode samtalar med Trygve Slagsvold Vedum og Audun Lysbakken sidan onsdag. Eg har då formelt invitert Sp og SV til regjeringssonderingar, og dei har takka ja, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Vidare seier han at dei ønskjer å starte samtalane torsdag 23. september.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet mitt er å starte denne veka, torsdag håpar eg vi kan komme saman på Hurdalsjøen Hotell, seier Støre.

Ap-leiaren beskriv sonderingane som ein viktig mellomstasjon på vegen mot forhandlingar. Han opplyser vidare at det ikkje er sett ein tidsplan for kor lenge sonderingane vil vare.

– Eg har ikkje sett ei konkret tid på det, men vi har ein timeplan med tanke på når statsbudsjettet blir lagt fram, det er ein grei timeplan å innrette seg til, seier han.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum kunngjorde etter eit møte i stortingsgruppa måndag ettermiddag at partiet er ope for sonderingar om det er grunnlag for regjeringsforhandlingar med Ap og SV.

Både SV og Ap har tidlegare vore klare på at dei ønskjer ei raudgrøn regjering med alle desse tre partia.

Sp har tidlegare stått hardt på at dei ønskte ei regjering med berre Ap og Sp. Men sjølv om Vedum i lang tid har stått fast på at han ønskjer ei Ap/Sp-regjering, har han heller aldri lukka døra fullstendig for ei regjering der også SV er med.