Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum legg fram regjeringsplattforma utanfor Hurdalsjøen Hotell. Foto: Torstein Bøe/NTB/NPK.

Ap og Sp samde om oppløysing av Troms og Finnmark – opnar for oppløysing av Viken

Arbeidarpartiet og Senterpartiet skriv i regjeringserklæringa at dei ønskjer å godkjenne søknaden frå Troms og Finnmark om å oppløyse fylket.

I tillegg vil dei setje i gang ein prosess for å oppløyse Viken viss fylkestinget søkjer om det, står det i Hurdalplattformen.

Fylkeskommunar og kommunar som er tvangssamanslått, og vedtek å sende søknad om oppløysing innan 1. juli 2022, skal få godkjent søknaden.

Dei to regjeringspartia er òg samde om å endre inntektssystemet i kommunane og fylka, mellom anna for å fjerne element som gjer det mindre gunstig for kommunar å droppe samanslåing.

– Det lokale demokratiet må utviklast gjennom desentralisering av oppgåver til kommunar og fylkeskommunar. Regjeringa vil vurdere å overføre oppgåvene til statsforvaltarane som ikkje omhandlar tilsyn, kontroll eller klage, til fylkeskommunane. Jordvern skal vere unnateke, skriv partia.

(©NPK)