Arbeidarpartiets oppslutning ligg langt bak det som partiet fekk ved stortingsvalet i 2021, men på VGs siste partimåling er tala lysare enn dei har vore så langt i år. Biletet viser statsminister og partileiar Jonas Gahr Støre. Arkivfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Ap kraftig fram på VG si april-måling

Ap går fram frå 17,9 prosent i mars til 21,2 prosent på VG si siste partimåling. Målt oppslutning til partiet er dermed langt betre enn ho har vore i det siste.

– Det ser ut som Arbeidarpartiet har klart å stoppe lekkasjen av veljarar til SV. Samtidig seier mange av Sp-veljarane frå førre stortingsval at dei no vurderer å stemme Ap, seier Thore Gaard Olaussen i Respons Analyse, som har gjennomført målinga, til avisa.

21,2 prosent er langt bak 26,3 prosent, som partiet fekk ved førre stortingsval, men oppslutninga er betre enn dei siste resultata som tidvis har lege godt under 20 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Partimålinga for april viser eit knapt fleirtal på 85–84 for dei borgarlege partia, sjølv om KrF er under sperregrensa.

Høgre held eit stabilt høgt nivå med 28,4 prosent. Frp held seg også stabilt på litt under 15 prosent.

Resten av partia fordeler seg slik (med endring frå mars i parentes): SV 8,9 (-1,3), Sp 5,7 (-0,4), Raudt 6,9 (1,3), MDG 4,1 (0,5), KrF 3,3 (-1,1), V 5,5 (-0,3), INP 1,6, Andre 1 (-0,3).

Målinga er gjort i perioden 3. til 8. april og har ein feilmargin på mellom 2 og 3 prosentpoeng. 1001 personar vart intervjua i undersøkinga. (©NPK)