Raudt ber regjeringa skrote pensjonsreforma fordi anslag viser at fire av ti vil få lågare pensjon i 2060 enn minstepensjonistane får i dag. Illustrajonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Anslag: Lågare alderspensjon i 2060 enn dagens minstepensjonistar for to av fem

Fire av ti nordmenn vil i 2060 ha ein alderspensjon frå folketrygda som er lågare enn dagens minste pensjon for einslege, ifølgje anslaget til regjeringa.

I det ligg føresetnaden om at dagens måte å berekne pensjon på blir vidareført, skriv NRK. Det vil også bety at ein av fem i 2060 ha ein alderspensjon som er lågare enn minstenivået for gifte.

På grunn av pensjonsreforma blir minstepensjonen, slik den er i dag, snart erstatta av ein såkalla garantipensjon. Garantipensjonen avheng av inntekt og er dermed ikkje eit fast kronebeløp slik som dagens minstepensjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anslaget til regjeringa viser at mange vil komme langt dårlegare ut enn i dag dersom det ikkje blir gjort noko med korleis dei lågaste ytingane blir regulerte frå år til år, skriv kanalen.

Raudts Mimir Kristjansson meiner anslaget til regjeringa viser at det går mot ein «pensjonssmell» og ber dei skrote pensjonsreforma.

Arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) meiner derimot pensjonsreforma har vore viktig og seier at det gir rom til å prioritere andre ting i statsbudsjetta. I haust kjem ho med ei ny stortingsmelding om pensjon, som mellom anna handlar om korleis regulere minstenivået.

Mjøs Persen seier til NRK at meldinga skal innehalde forslag om korleis minstesatsane kan regulerast på ein måte som er meir i takt med den generelle lønnsutviklinga enn det er i dag. (©NPK)