Amedia AS har kontor i Akersgata i Oslo. Selskapet vart utsett for eit omfattande dataangrep natt til tysdag. Ingen papiraviser blir publiserte onsdag 29. desember. Foto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

Amedia utsett for alvorleg dataangrep

Natt til tysdag vart fleire av Amedias sentrale datasystem sett ut av drift. Ingen papiraviser blir publiserte onsdag.

Det er fordi system for publisering av papiravis, annonsar og abonnementshandtering ikkje fungerer som normalt, skriv Amedia i ei pressemelding.

Kaotisk

– Situasjonen er uklar. Problema vi opplever, kjem av eit eksternt dataangrep mot enkelte av systema våre. Vi er i ferd med å få oversikt over situasjonen, men kjenner enno ikkje det fulle skadepotensialet. Vi har allereie sett i verk omfattande tiltak for å avgrense skaden og for å rette opp igjen normal drift så raskt som mogleg, seier konserndirektør for teknologi, Pål Nedregotten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Produksjon av stoff til nettaviser går som normalt trass i problema.

Problema er avgrensa til dei systema som blir administrerte av Amedias sentrale IT-selskap, Amedia Teknologi. Amedias andre system fungerer som normalt, ifølgje pressemeldinga.

– Alle tilgjengelege ressursar jobbar no intenst med å løyse problema og avdekkje kva skadar som har skjedd. Vi beklagar dei problema som har oppstått og som på ulike måtar rammar kundane våre og tilsette, seier Nedregotten

Personopplysningar

Det er framleis uklart om personopplysningar har komme på avvegar. Amedia kan ikkje sjå bort frå det, men førebels har dei ingen sikre opplysningar om at det har skjedd.

– Amedia jobbar no med utgangspunkt i at kundedata kan vere kompromittert. Viss personopplysningar har komme på avvegar, vil ramma bli informert raskast mogleg. Dette vil gjelde både kundar og tilsette. Datatilsynet vil i eit slikt tilfelle bli varsla om kva som har skjedd og korleis vi jobbar med mildnande tiltak, seier Nedregotten.

I abonnementssystemet som har vorte angripe, ligg det namn, adresse, telefonnummer og abonnementsform og -historikk om abonnentane. Andre data som aID-passord, lesehistorikk og opplysningar om bankkort er ikkje ramma.

Saka vil bli politimeldt, ifølgje Nedregotten.