– Alt vilt bør få fred no

– Reinen var berre eit par, tre meter frå meg. Det verka ikkje som han ensa at eg var der, han såg ikkje opp i det heile, seier Greta Sårheim Veien.

Dei siste vekene har det gått mange reinsdyr på Utvikfjellet, opptil førti dyr. Dei har gått litt til og frå, men vore mykje i dei oppkøyrde skiløypene.

– Kan det vere farleg?

1. juledag hadde Greta Sårheim Veien eit triveleg nærmøte med eitt av reinsdyra, og ho fortel at ho har sett videoar av rein som har snusa på skia til folk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spørsmålet ho og sikkert mange andre lurer på, er korleis ein skal opptre i møte med dei flotte dyra.

– Kan det vere farleg, bør ein gå ein omveg, spør ho og konstaterer at det siste ikkje alltid er så enkelt når ein møter ein heil flokk i skiløypa.

Reinsdyra på Utvikfjellet er ikkje redde menneske. Foto: Greta Sårheim Veien.

– Må vise respekt

Naturoppsyn Rune Holen kan gje oss svar.

– Ein bør ikkje oppsøke reinsdyra, men halde litt avstand og vise respekt for dei. Dyra som held seg på Utvikfjellet er veldig tamme og vande med menneske, og eg har aldri høyrt at dei har vore til fare for folk, men ein kan aldri garantere noko, seier han.

Han har forståing for at reinsdyra er ein attraksjon, og fortel at det er stor skilnad på dei ulike villreinstammane i Noreg:

– Nokre spring på tre-fire kilometers avstand, medan stammane på Utvikfjellet og i Førdefjella er veldig fredelege.

På sparebluss

Holen understrekar at dei store snømengdene som har kome den siste tida gjer at alt vilt i skog og mark må få mest mogleg fred.

– No går dei verkeleg på sparebluss, seier han og konstaterer at ville dyr i naturen ikkje må bruke meir energi enn nødvendig slike tider.

Artikkelen held fram under annonsen.