Branvern, ambulanse- og legetenesta i Eid og Gloppen gjennomførte beredskapsøving på ferjeleiet på Anda i dag i samarbeid med Helse Førde.

Alle nødetatane i fellesøving

Brannvern, politi og ambulanse deltok i dag i ei realistisk øving på ferjeleiet i Anda. I ein buss med skuleelevar gjekk ein ungdom laus med kniv.



Øvinga starta klokka 12.00 og strekte seg utover ettermiddagen. Plottet var ein skulebuss med Firda-elevar som skulle over fjorden. Ein person i bussen gjekk til angrep på medpassasjerane med kniv.

Brannvernet, lege og ambulansetenesta i både Gloppen og Eid deltok i øvinga der også politiet kom til for å uskadleggjere gjerningsmannen. Eit ambulansehelikopter landa på ferjeleiet for å frakte den hardt skadde til sjukehus.

Trafikken gjekk som normalt, medan dei reisande fekk litt meir action enn vanleg medan dei venta på ferja som i dag gjekk til oppsette rutetider.