Alle gode ting er tre

Torsdag 07.53: Statens vegvesen
Det vart feil på feil for sjåføren som vart stoppa i ein tungtransportkontroll på Kjøs onsdag.

Etter at inspektørane hadde vore rundt bilen skreiv dei ut eitt gebyr for manglende vognkort, eitt for manglande kjettingar og eitt for manglande dokumentasjon for yrkessjåførkompetanse.

I den samme kontrollen fekk ein sjåfør sjåfør vart anmeld for brot på køyre og kviletida i ein kontroll på Kjøs trafikkstasjon onsdag. Han hadde køyrd for lenge utan og ta nødvendige pauser. Ein annan sjåfør fekk åtvaring for brot på same regel.

Onsdag 14.18: Politiet
Politiet har fekk onsdag melding om at forbipasserande hadde observert personar drivande i Angedalselva i Førde. Kort etter kom det også melding om beburarar som hadde sett dykkarara som snorkla i elva.

Naudetatane kom til staden og etter kvart ville luftambulansen ta ein tur å sjå om dei såg noko.

Til slutt kom de melding frå Rådgjevande biologer om at dei hadde hatt dykkarar i elva mellom sjukehuset og «sandløpet». Dykkarane dreiv med drivteljing av fisk, og politiet konkluderte til slutt med det kunne vere desse som var observert.