Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet. Foto: Tor Erik Schrøder/NTB/NPK.

Aavitsland: – Sannsynlegvis over toppen av denne bølgja

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet kallar dei gode koronanyheitene i vekerapporten frå FHI onsdag som «forventa og gledelege».

– Vi er no sannsynlegvis over toppen av denne bølgja. Det var førre veke 11 prosent færre påviste tilfelle, sjølv om testinga auka med 4 prosent. Talet på nye innleggingar fall med 13 prosent, slik ein ventar når det har vore nedgang over tid, seier Aavitsland til Nettavisen.

Reproduksjonstalet (R-talet) har, ifølgje FHIs vekerapport for veke 12, falle frå 1,4 til 1,0. Det er likevel store forskjellar mellom fylka, og Vestland-tala har auka til 1,9. I tillegg fell talet på nye registrerte koronatilfelle for første gong på fem veker.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)