Detter er godt halvparten av uteliggarane på Nordfjord Folkehøgskule. Dei har sove ute i snart 60 døgn. Liggande: Lars Rugtvedt. F.v.: Jon Torstein Toft, Jakob Emil Larsen, Sven Haldor Wiik Øberg, Evan Murray. Bak f.v.: Magnus Toften Hoff, stipendiat Øyvind Lindgård og Erland Salte Kallelid. Ikkje til stades: Anders Eskeland, Håvard Røgenes, Jonas Løvland og Ola Lunsæter.

– Å sove under open himmel set varige spor

Sove ute-konkurransen for elevane ved Nordfjord Folkehøgskule starta 19. oktober. Målet var å få flest mogeleg til å sove ute. Første natta var det 30 deltakarar. No er den harde kjerne redusert til elleve som hardnakka hevdar dei skal stå løpet ut.

Ei bragd
Det greier dei heilt sikkert. Då sluttar gjengen på 61 overnattingar.

– Å sove under open himmel, eller under ein presenning så lenge er ei stor bragd, seier stipendiat Øyvind Lindgård. Han veit kva han snakkar om. Han var elev ved skulen i fjor og deltok i ein tilsvarande konkurranse då.

– Det gav meg så mange opplevingar at dette var noko eg absolutt ville prøve å få til, seier han. I fjor var han ein av berre to som stod løpet ut og greidde 60 overnattingar. Dette året er dei framleis elleve, men under vegs har fleire slengt seg med ei natt eller to. Derfor tel konkurranseprotokollen langt fleire namn.

Ein av visjonane til Nordfjord Folkehøgskule er å setje varige spor. Det har Sove ute-konkurransen gjort.

Les meir om uteliggarane i papiravisa fredag.