Illustrasjonsfoto.

91 personar drukna i 2016

Det blir færre drukningar: Gjennomsnittet for dei 29 åra Norsk Folkehjelp har ført drukningsstatistikk er 121 drukningar i året. 2016 ligg dermed langt under dette.

- Sjølv om vi sjølvsagt gjerne skulle hatt endå færre ulukker, er dette gledelege tal. Det er vanskeleg å peike på éin spesiell grunn til at tala går nedover, men over tid skuldast det nok at bevisstheita rundt sikkerheit aukar i samfunnet generelt. Dette blir gjenspegla i slike statistikkar, seier Jon Halvorsen, einingsleiar for redningstjeneste og førstehjelp i Norsk Folkehjelp i ei pressemelding.

49 prosent av drukningene i 2016 skjedde i samband med at folk fall i vatnet frå land, medan 17 prosent av ulukkene skjedde i samband med bruk av fritidsbåt.

- Dette er noko vi også ser igjen i statistikken over tid, seier Jon Halvorsen.

Rogaland og Møre og Romsdal er fylka som hadde flest ulukker i 2016, med elleve ulukker kvar. Hordaland og Buskerud hadde ni ulukker kvar.

Over halvparten av dei som drukna i 2016 var vaksne menn.

- Det er viktig at vi vaksne også brukar flytevest - ikkje berre med tanke på eigen sikkerheit - men også for å vere gode føredøme for borna, seier Halvorsen.

Fire personer drukna i Noreg i desember.

- Norsk Folkehjelp sitt statistiske materiale over tal drukningsulukker og årsakene til desse byggjer på elektronisk overvaking av norske medium. Dersom de veit om ei ulukke som ikkje er registrert hos oss, ver snill og meld frå. Vi ønskjer å presentere ein så korrekt statistikk som mogleg, skriv norsk Folkehjelp.