77.000 Nav-brukarar har fått for lite utbetalt 2. januar. Pengane skal etterbetalast raskt. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

77.000 ramma av Nav-feil – har fått for lite utbetalt

Nav har tysdag trekt for mykje skatt på utbetaling av arbeidsavklaringspengar (AAP) og dagpengar. 77.000 personar er ramma. Nav lovar raskt etterbetaling.

– Feilen blir retta, og Nav vil etterbetale for mykje trekt skatt innan kort tid. Vi har oversikt over kven dette gjeld. Du treng derfor ikkje ta kontakt med oss, skriv Nav på nettsidene sine .

Det var VG som først omtalte saka. Økonomi- og styringsdirektør Marianne Fålun i Nav seier folk får pengane dei har krav på innan kort tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nav har trekt for mykje skatt på utbetaling av AAP og dagpengar i dag. Feilen blir retta, og vi vil etterbetale for mykje trekt skatt innan kort tid, seier ho til avisa.

Ho legg til at ho har forståing for at dette kan vere ei stor belastning for kvar enkelt.

– Vi beklagar feilen, seier Fålun.