55 positive testar måndag

Helse Førde analyserte måndag 76 prøver for koronaviruset. 55 av dei var positive.

Helseføretaket har no tre pasientar som er innlagde med stadfesta koronasmitte.

Ein av desse er på intensivavdelinga. Denne pasienten får respiratorbehandling.