Måndag var 54.697 personar i Noreg vaksinert med den første dosen av koronavaksinen. Foto: Tone Spieler/NTB/NPK.

54.697 nordmenn har fått første dose av koronavaksinen

Måndag var 54.697 personar i Noreg vaksinerte med den første dosen av koronavaksinen. 965 personar har så langt fått dose nummer to.

4.004 personar fekk første dose tysdag, og 739 personar fekk dose to. Det er 2.756 fleire vaksinasjonar med første dose enn det vart utført dagen før, og 518 fleire vaksinasjonar med dose to.

Flest vaksinerte er det i Viken (11.983), Oslo (9.020) og Vestland (6.268). Færrast dosar er sette i Troms og Finnmark (2.328), Nordland (2.397) og Møre og Romsdal (2.505).

Fire kommunar har ifølgje FHI-statistikken førebels berre sett mellom null og ti vaksinar.

Den første koronavaksinen i Noreg vart sett den 27. desember og var produsert av Pfizer og Biontech. 15. januar vart den første dosen av Moderna-vaksinen sett.

(©NPK)