Det har vore travle tider for norske høner i tida før påske. 40 millionar egg er leverte ut til butikkane. Illustrasjonsfoto: Kari Hamre/NPK.

40 millionar egg ut til butikkane før påske

Over 40 millionar norske egg har gått ut til forbrukarane i dei siste vekene før påske. Det er ny rekord.

– Det er første gongen i historia vi ser dette, og eg kan ikkje gjere anna enn å rose både bønder og tilsette for å ha fått til dette. Og det i ein krevjande situasjon med strenge smitteverntiltak på anlegg, seier Thomas Ulseth, logistikksjef for egg i Nortura, i ei pressemelding.

Eggpakkeria til Nortura i Rakkestad i Viken, Heimdal i Trøndelag og Hå i Rogaland har pakka 40 millionar egg. Det er 25 prosent meir enn snittet elles i året, og fire millionar fleire egg enn til påska i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Påska er normalt ein travel periode for oss, men det har vore ekstra krevjande i år. Tilsette jobbar i kohortar og på ulike tider for å hindre smitte. Dei har vore fleksible og gjort ein fantastisk innsats, seier Ulseth.

Nortura, som blant anna står bak merkevara Prior, meiner at koronasituasjonen den viktigaste årsaka til den store etterspurnaden etter egg.

(©NPK)