Frå 30. mai er ikkje lenger dei gamle 200-kronesetlane gyldige som betalingsmiddel. Dersom du synest forskarhistorie er morosamt – og kanskje har ein samlar i magen – bør du kanskje ta vare på ein av setlane pryda med Kristian Birkeland. Setelen viser nemleg ein unik norsk forskarhistorie om nordlyset. Foto: Tore Meek/NTB scanpix.

31. mai kan ikkje lenger gamle 100- og 200-kronesetlar brukast

100- og 200-kronesetlar pryda med høvesvis Kirsten Flagstad og Kristian Birkeland går no ut på dato. Men kanskje er det lurt å ta vare på éin setel?


31. mai nyttar det ikkje lenger å betale med setlar med bilde av to store og internasjonalt kjente nordmenn: operastjerna Kirsten Flagstad og fysikar, forskar og oppfinnar Kristian Birkeland.


Dei går rett og slett ut på dato. Får du ikkje brukt desse setlane innan fristen, må du til Noregs Bank for å veksle dei inn. Men fortvil ikkje – du har ti år på deg til å løyse inn dei gamle 100- og 200-kronesetlane.



Samleobjekt?

Dersom du har ein liten samlar i deg, kan du kanskje tillate deg å ta vare på éin setel?


Astrofysikar og forskar Pål Brekke meiner at 200-kronesetelen med Kristian Birkeland kan vere spennande å ta vare på.


– Setelen er berømt langt utover Noregs grenser då ei rad element på setelen fortel heile historia om Birkeland og nordlyset. Og det skjuler seg ein hemmeleg komet inni setelen, som berre blir synleg under ultrafiolett lys, opplyser Brekke til NTB.


Dersom du beheld setelen – så beheld du samtidig litt av Noregs forskingshistorie.



To sider historie

På begge sider av setelen blir ei rad fenomen knytt til Birkelands oppdagingar rundt nordlyset illustrert.


På framsida, bak portrettet av Birkeland, stig nordlyset opp mot Polarstjerna, som igjen er plassert saman med kjente stjernebilde som Karlsvogna og Lille Bjørn.


– Følgjer ein dei to fremre stjernene i Karlsvogna oppover, finn ein Polarstjerna. Gjer du det same på nattehimmelen, vil Polarstjerna alltid vise deg kvar nord ligg – og vips, så kan du bruke dette som eit kompass, tipsar Brekke om.


Ein snøkrystall symboliserer den kalde årstida då nordlyset er synleg. Heilt til venstre er ei teikning av terrellaeksperimentet til Birkeland.


Baksida av setelen viser eit kart over Skandinavia og Arktis, der nordlysbeltet er teikna inn.


Nedst til høgre er ein illustrasjon av birkelandstraumen. Teikninga viser korleis Birkeland tenkte seg dei elektriske straumane som blir sett opp i samband med nordlyset.


På 200-kronesetelen finst det altså også ein usynleg komet til venstre for portrettet av Birkeland – der Karlsvogna ligg. Men kometen kan berre sjåast i ultrafiolett lys.



Makulerast

Dei som ikkje bryr seg om samleobjekt, har veldig hastverk med å få brukt desse setlane – utan å måtte legge turen om Noregs Bank.


Dei gamle setlane blir inndregne og makulerte fordi ein for snart eitt år sidan innførte nye 100- og 200-kronesetlar.


Totalt skal 50 millionar setlar, til ein samla verdi på 8 milliardar kroner, makulerast.


Nye 100- og 200-kronesetlar er ein del av arbeidet med å byte ut heile setelserien. Nye 50- og 500-kronesetlar kjem til hausten, mens ny 1000-kronesetel kjem i 2019.


Bakgrunnen for at Noregs Bank byter setlar er sikkerheit og tryggleik for at dette skal vere eit truverdig betalingsmiddel som ikkje kan forfalskast.


Sist gong setelserien vart bytt ut, var rundt 2000-talet. Sidan den første norske setelrekkja kom i 1875, har serien berre nokre få gonger blitt bytt ut, som oftast med 15–20 års mellomrom. (©NPK)