Mange nordmenn har innsett at opplevingar som dette ikkje blir ein realitet i år heller, og synest det er leit at noregsferie igjen er det som står på plakaten. Foto: Danske Bank.

30 prosent negativ til ny sommar i Noreg

Ola og Kari gjer seg endå ein gong klare for ein sommarferie i Noreg, og det synest 30 prosent av oss er triste greier.

Det skriv Danske Bank i ei pressemelding.

Trass i at fleire og fleire nordmenn er vaksinerte og mange land no så smått har byrja å opne grensene igjen, er det ikkje til å stikke under ein stol at dei fleste skal feriere i Noreg denne sommaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange er slitne og leie av pandemien og drøymer om ein ferie i utlandet, og det er store skilnader mellom yngre og eldre. Blant dei mellom 18 og 29 er det klart fleire enn snittet som synest at ein ny noregsferie verkar trist, medan dei over 60 i større grad er usamde i at ein ny heimesommar er noko negativt, seier forbrukarøkonom i Danske Bank, Thea Olsen.