Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

3.000 meldingar om alvorlege biverknader etter koronavaksine

Hittil er det sett nesten 7,8 millionar dosar av koronavaksinane. Legemiddelverket har til no fått 34.493 meldingar om mistenkte biverknader.

18.739 av meldingane er til no behandla. 3 023 av meldingane om biverknader er klassifiserte som alvorlege og 15.716 er klassifiserte som lite alvorlege, skriv Legemiddelverket.

Dersom ein vaksinert person blir alvorleg koronasjuke meir enn 1–2 veker etter fullført vaksinasjon, blir dette rekna som ein gjennombrotsinfeksjon og ein mogleg vaksinesvikt. Det er så langt meldt 32 tilfelle der fullvaksinerte har fått påvist korona to veker til sju månader etter siste dose.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til no er det behandla 210 meldingar om dødsfall som har skjedd i tidsmessig samanheng med vaksinasjon. Dei fleste dødsfall har vore hos eldre pleietrengande og sjukeheimsbebuarar.

Legemiddelverket presiserer at det at ein person døyr kort tid etter vaksinasjon ikkje treng å bety at det er ein årsakssamanheng.

Det er meldt om ni dødsfall hos fullvaksinerte personar som har fått påvist korona. Gjennomsnittsalder på dei som døydde var 89 år.

(©NPK)