Fylkeshuset i Vestland skal stå ferdig ved årsskiftet 2022/2023. Illustrasjon: NSW Arkitektur.

241 kunstnarar vil utsmykke fylkeshuset i Vestland

241 kunstnarar har meldt si interesse for å bidra med kunst til det nye fylkeshuset i Bergen. 66 av dei held til i Vestland.

Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

– Dette er skikkeleg stas. Det er eit tydeleg signal om at det nye fylkeshuset blir sett på som ein attraktiv plass å få plassert kunsten sin. Vi set stor pris på at så mange kunstnarar ønskjer å bidra med kunst til Vestland fylkeskommune, seier Ronny Skaar, seksjonssjef for kunst- og kulturutvikling i Vestland og medlem i kunstutvalet for bygget i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den samla budsjettramma for kunstprosjekta er 6,5 millionar kroner. Etter kvart vil det bli lyst ut konkurransar, og kunstutvalet vil også gi direkte oppdrag til kunstnarar.

– Fylkeshuset i seg sjølv blir eit signalbygg i bybildet, og prosessen med plassering av kunst både inne og ute blir spennande å følgje vidare, seier Skaar.

Det nye fylkeshuset skal stå ferdig midt i Bergen sentrum til årsskiftet 2022–2023.

(©NPK)