I dag går trafikken normalt på Anda-Lote. Arkivfoto.

2016 gav rekordtal for Lote-Anda

Aldri har det reist fleire bilar over Lote–Anda i desember som i fjor. Totalt vart 2016 mest trafikk på ferjestrekninga gjennom gjennom alle tider, med unntak av toppåret 2012, og i fem månader var trafikken lik eller over 2012-tala.

Både i mars og desember 2016 sette sambandet trafikkrekord, og heile sommaren og hausten i fjor var prega av langt høgare trafikktal enn åra før. Tala er no tilbake der dei var før Kvivsvegen vart opna i september 2012.

– Dette viser at alt vi har sagt om opprusting av vegen mellom Sandane og Byrkjelo og om betre kapasitet på Lote-Anda er heilt på sin plass. Det støttar også opp om det økonomiske grunnlaget for det kontinuerlege arbeidet for å få på plass ei fjordkryssing, seier ordførar Leidulf Gloppestad. Han meiner dette understrekar det forkjemparane for midtre linje har sagt heile vegen, at Sandane-Nordfjordeid er den prioriterte vegen for reisande gjennom fylket.

– Tala viser også at i kontrast til det som vert sagt av andre, at ein stor del av trafikken skal til Gloppen og Eid, noko som i seg sjølv syner at ei bru her vil vere viktig, uavhengig av andre vegsamband rundt oss, seier Gloppestad. At det i det siste året har vore periodevis stenging på vegen mellom Innvik og Olden meiner han betyr noko for tala.

Nest «beste» året
– Når ferja i haust har vore så ustabil at folk har vorte usikre på om den faktisk går, så verkar no dette litt i begge retningar. Men den viser uansett ein jamn trafikkvekst på Lote-Anda, slår han fast.

Statistikken reknar i årsdøgntrafikk (ÅDT), som er snittet av talet bilar som trafikkerer eit samband dagleg i løpet av året. Tala viser at det på Lote-Anda passerte – i snitt – 1317 bilar dagleg over fjorden i 2016. Det er 44 bilar meir enn i 2015, og seks bilar i snitt færre enn toppåret 2012. Både mars og desember var rekordmånader, medan november var nøyaktig likt med 2012, og heile hausten er det berre nokre ferjestopp som skil 2016 frå bestenoteringar.

Den mest trafikkerte månader var juli, med eit dagleg snitt på 1672 bilar, medan det i januar i fjor berre var eit dagleg snitt på 998 bilar.

Færre over Utviken
Statens vegvesen har fleire målepunkt i området, og stort sett aukar trafikken på dei fleste. Unntaket er trafikken på riksveg 60 over Utvikfjellet, der det i fjor, etter mange år med jamn auke, var litt mindre trafikk. I 2016 var snittet 1165 bilar i døgnet, mot 1199 i 2015. Det er likevel det nest mest trafikkerte året over fjellet sidan målingane starta.

I Gloppen og Jølster tel dei også på Vassenden, sør for Byrkjelo og vest for Reed. På Vassenden går tala jamt oppover, og i fjor passerte det eit dagleg snitt på 3158 bilar her. Målingane på Byrkjelo og Reed starta i 2015, og begge stadane passerte det litt fleire bilar i fjor enn året før. Gjennom målepunktet på Byrkjelo passerte det i snitt 2822 bilar i fjor, medan det på Reed passerte i snitt 2363 bilar.