Illustrasjnsfoto

17 millionar til vegane etter flaumen

Regjeringa føreslår i sitt framlegg til Revidert Nasjonalbudsjett å løyve 17 millionar kroner til ekstrakostnader på riksvegane i Sogn og Fjordane og Hordaland etter flaumen i fjor haust, skriv Høgre og FrP i ei Pressemelding.

I Sogn og Fjordane går 9 millionar til å reparere brufundament i Lærdal, Langhuso og Gudvangen på E16, og til reparasjon av stikkrenner og rasvoll i Våtedalen og Kjøsnesfjorden på E39 og Rv5. I tillegg er det ein del mindre skadar på riksvegnettet elles.

Gruppeleiar for Høgre i Fylkestinget, Noralv Distad, fortel at pengane kjem som ei tilleggsløyving på vedlikehaldsbudsjettet til Statens vegvesen region Vest.

– Det meste av desse kostnadane er allereie påløpt i samband med oppryddinga i fjor haust, men det er viktig at desse pengane kjem slik at desse kostandane ikkje går utover anna viktig vedlikehaldsarbeid, seier han.

Fylkestingsrepresentant for FrP, Rita Navarsete, er godt nøgd med løyvinga som medfører at dei ekstraordinære kostnadane i samband med flaumen ikkje får konsekvensar for anna viktig vedlikehaldsarbeid på vegane.

– Til tross for at regjeringa tidlegare har løyvd rekordmykje for å stogge forfallet på riksvegane, så har vi framleis mykje dårlege vegar i fylket. Då er det viktig at ikkje ekstrakostnader i samband med storm eller flaum går utover anna viktig arbeid, seier Navarsete.