Redningskøyta rykker ut. (Illustrasjonsfoto)

14 drukna så langt i år

Så langt i år har 14 personar omkome av drukning i Norge. Det er seks personar færre enn i same periode i 2016. Det melder Redningsselskapet.

12 menn, éi kvinne og eitt barn har drukna i Norge i løpet av dei tre første månadane i år. Årsakene til drukningane er mange. Fem av dødsfalla skjedde i samband med bruk av båt. Tre personar drukna etter å ha ramla i sjøen frå brygge.

Mars har så langt vore månaden med flest drukningar. Sju personer drukna i løpet av forrige månad. Dei omkomne er fem menn i alderen 37-61 år, éi kvinne på 25 år og ein gut på seks år. To av dei som inngår i denne statistikken har status som sakna, men venteleg drukna, ettersom leiteaksjoner ikkje har ført frem. Det gjeld mellom anna den eine frå Sogn og Fjordane.

Rogaland har flest drukningar
Drukningane har skjedd i Telemark, Rogaland, Sogn og Fjordane, Oslo og Finnmark. Rogaland er fylket med flest drukningar, med tre drukningar i januar og to i mars.

Redningsselskapet har som mål at ingen skal drukne. Publikum vert derfor oppforda til å vise varsemd i påska.

– Mange tek i bruk sjøen for første gong no i påsken. Det er viktig å minne om at veret kan vere lunefullt, så det er viktig med varme og gode klede, og at alle om bord bruker redningsvest. Ramlar du i vantet er sjansene for å overleve mange ganger større om du bruker flyteplagg, seier kommunikasjonssjef Frode Pedersen i Redningsselskapet.

 

 
• • • • • • • • • • • • • • • • • •

Nytt frå Gloppen og Jølster?

– Følgjer du Firda Tidend på Facebook får du siste nytt rett på FB-sida di.