Frå 1. april til 20. august er det generell bandtvang i Noreg. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Frå laurdag må du hugse bandtvangen

Frå 1. april til 20. august er det generell bandtvang i Noreg. Det betyr i praksis at hunden din må vere i band overalt.

– Generell bandtvang for hundar er innført for å beskytte andre dyr. Reglene er ikkje innført med tanke på folk som ikkje vil møte lause dyr. Det kan vere greitt å ta med seg, for å halde konfliktnivået nede, skriv advokat Ola Fæhn hos Forbrukeradvokaten i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

Det er i paragraf 6 i hundelova at den generelle bandtvangen blir heimla. Der står det at hundar i tidsperioden med generell bandtvang skal haldast i band, vere forsvarleg inngjerda eller innestengde, slik at dei ikkje kan jage eller skade husdyr, tamrein eller ville dyr og reira eller hia deira.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Generell bandtvang for hundar er innført for å beskytte andre dyr. Reglane er ikkje innførte for å beskytte folk som ikkje vil møte lause dyr. Det kan vere greitt å ta med seg, for å halde konfliktnivået nede, skriv advokat Ola Fæhn. Foto Moment Studio.

Kommunale reglar

I tillegg til dei generelle reglane om bandtvang har også kommunane rett til å innføre lokale reglar.

– Slike regler kan ikkje fastsettast i større grad enn nødvendig og skal også vareta omsynet til dei som ønskjer å ferdast med laus hund. I mange kommunar er det innført generelle forbod som går frå år til år utan tanke på behova og ønska til hundeeigarane. Dette kan vere i strid med formålet i hundelova, opplyser Fæhn.

– Kan kommunane gjere reglane mindre strenge enn dei nasjonale reglane?

– Kommunane kan ikkje bestemme at den generelle bandtvangen ikkje skal gjelde. Eg har heller aldri høyrt om nokon kommunar som har ønskt dette, men det finst nokre som har laga inngjerda friområde for hundar, som òg kan nyttast i bandtvangsperiodar.

Ikkje vanleg med førelegg

Strafferamma etter hundelova er bøter eller fengsel inntil seks månader. Men handheving av reglane endar sjeldan med førelegg, ifølgje Fæhn. Likevel finst det eksempel på at folk har blitt straffa.

– I utgangspunktet vil politiet gi rettleiing eller åtvaring om ein ser hundeeigarar med lause hundar i bandtvangsperioden. Det skal noko til for å få bot. I all hovudsak får ein først eit pålegg om å sikre hunden. Om hundeeigar ikkje rettar seg etter pålegget, bør det bli følgt opp med å bli meldt til politiet. I praksis vil dei aller fleste rette seg etter slike pålegg. Men om det har vore gjentatte meldingar på same hund og eigar vil det kunne medføre at ein blir meldt til politiet ved nye hendingar, sa påtalesjef i Innlandet politidistrikt, Johan Martin Welhaven, til Dagsavisen i fjor. (©NPK)