Kjellaug Råd Johnsen gir ut bok om det ho har opplevd og folk ho har møtt på reisene sine (Foto: Holger R.Raste).

– Vil lande saka så fort som mogleg

Indre fjordkryssing Frøholm-Svarstad eller midtre ved Anda-Lote. Spørsmålet har hange i lause lufta i lang tid, men regjeringspartia greier ikkje å bli samde. Senterpartiet og SV går som kjent for den midtre løysinga, Arbeidarpartiet står steilt på indre.

– Vi har ikkje starta arbeidet i regjeringa etter sommarferien enno, men eg har eit tydeleg standpunkt og meiner vi har kome med eit godt kompromissforslag, seier Navarsete og viser til pakkeløysinga det Sp-styrte Samferdsledepartementet har lagt på bordet.

Pakken føreset ei midtre løysing med bru over Anda-Lote, vidare gjennom Stigedalen med ny bru over Voldsfjorden/Austefjorden. Til gjengjeld blir fylkesvegen frå Byrkjelo til Stryn gjort om til riksveg, og fylket får tildelt 400 millionar blanke kroner til ferdigstilling av strekninga Innvik-Olden.

– Eg er glad for at transportnæringa og andre interessentar støttar opp om midtre trasé. Viss ein skal sjå på kva som gjev regional nytte, er det midtre som gjev den store vinsten. Eg har registrert at Erna Solberg støttar indre linje fordi den er raskast og billegast. I Møre og Romsdal støttar ho ein stor omveg i ytre som avløyser to ferjer. Kvifor er regional nytte viktigare i Møre og Romsdal enn i Sogn og Fjordane? Dette er ganske drygt, rett og slett, seier Navarsete og fortel at ho har stilt fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap), det same spørsmålet – utan å få noko svar.

Aasen går som kjent inn for indre trasé gjennom Nordfjord, ytre på Sunnmøre. Sistnemnde alternativ er det klart lengste og dyraste av dei to Møre-alternativa.

Kommunal- og regionalministeren og Sp-leiaren meiner det er svært viktig for klimaet i Nordfjord å få landa den betente saka.

– Splittinga av Nordfjord er ikkje bra, den svekkar heile regionen. Viss vi ikkje får ei avklaring, blir saka forseinka og prosjekt andre stader kjem opp og fram i staden. Det er ikkje bra.

– Er denne saka blitt vanskelegare enn det du hadde førestilt deg?

– Ja, eg vil seie det. Eg trudde trasévalet var innlysande i og med at vi har hatt eit vegkompromiss i Nordfjord sidan 1995. Kvivsvegen vart bygd i trygg forvissing om at E39 skulle gå via Eid. Ingen kjenner denne prosessen så godt som meg. For å vere ærleg: Dei rundkasta Høgre har gjort i det siste, kom heilt uventa. Grodås-avtalen er eintydig.

Liv Signe Navarsete er tydeleg på at vegstriden i Nordfjord er svært øydeleggjande, og vil presse på for å få ei avgjerd før valet om ein månad.