Åge Steinset (t.v.) presenterer eit 40-tals bilete på utstillinga som opnar i Galleri 104 i morgon. Det er gallerist Harald Sølvberg godt nøgd med.

– Vi må ha eit opplegg som fungerer når stormen er der

I Hyen opplevde dei situasjonen som dramatisk etter at Dagmar feia over bygda siste jul. Heile bygda var fysisk isolert og utan kontakt med omverda. Heldigvis oppsto det ikkje nokon alvorlege hendingar som følgje av dette, men på eit oppsummeringsmøte i vinter kom det fram tydeleg frustrasjon frå bygdefolk over situasjonen og at ingen frå kommunen stilte opp dei kritiske dagane då dei trengde hjelp.

– Folk kjende seg isolerte, og dei var isolerte i eit par døgn. Dei hadde ei oppleving av at ingen brydde seg om deira situasjon, og det er klart at dette er noko vi må ta tak i. Hyarane er flinke folk og løyste dei utfordringane som oppsto, men det seier seg sjølv at den situasjonen vi opplevde etter Dagmar ikkje var tilfredsstillande for nokon, seier Ragnhild S. Eimhjellen.

Dette er bakteppet for at helse- og omsorgssjefen har kalla lokale kommunale leiarar og leiarar for ulike frivillige organisasjonar i bygda inn til eit møte i Hyen 18. oktober. Temaet for møtet er den lokale organiseringa av beredskapen i Hyen.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.

Helse og omsorgssjef Ragnhild S. Eimhjellen har kalla kommunale leiarar og leiarar for frivillige organisasjonar i Hyen inn til møte for å styrke den lokale beredskapen i krisesituasjonar.