Kultur: Hovudutvalet for kultur har i dag bestemt at Odd-Bjørn Hjelmeset, skal få fylkeskulturprisen for 2008.

– Tida er moden for samanslåing av skular i Breim

Arve Kleppe er leiar i Foreldrearbeidsutvalet ved Byrkjelo skule, men har ikkje hatt skulesamanslåing oppe som sak i utvalet. Derimot har han drøfta saka med mange foreldre, også i utvalet, og han har enno ikkje møtt motforestillingar mot idéen om å slå saman Reed og Byrkjelo skule frå foreldre som sjølve har born i skulen.
– Eg ser ingen bakdelar med å få ei skulesamanslåing i Breim. Kvar skulen skal liggje, er likegyldig, anten det blir Byrkjelo eller Reed. Men eg støttar tanken om å få ein felles skule og ein felles barnehage i Breim. Det er berre seks kilometer mellom Reed og Byrkjelo sentrum, og det er ikkje snakk om store avstandar, seier Arve Kleppe.
Han viser til at Byrkjelo skule er ein fådelt skule i dag, der to klassesteg går saman i kvar klasse.
– Skulen har få delingstimar, og vil truleg ikkje få fleire delingstimar til neste år ut frå den økonomiske situasjonen i kommunen. Ved ei skulesamanslåing får vi større klasser, og ein slepp å ha fleire årssteg i ei og same klasse. I ei klasse i dag kan det vere så mykje som to års skilnad mellom elevane. Det er ikkje gunstig, meiner han.
– Foreldre er positive
Elevtalet ved Byrkjelo skule er på veg ned. Ei framskriving av elevtalet viser at det i dag er 69 elevar ved skulen, neste skuleår blir det 57, deretter stig elevtalet litt igjen, før det i 2013/14 igjen er nede i 57 elevar.
– Blir det så få elevar at ein må slå saman tre årssteg, tykkjer eg ikkje det er godt nok. Det er på grensa å ha to årssteg saman i eit klasserom, seier han.
Anne-Merete Kleppenes er nestleiar i FAU ved Reed skule. Ho deler tankane til Arve Kleppe, og har heller ikkje høyrt nokon ytre seg negativt om ei skulesamanslåing.
– Eg trur at mange foreldre er positive til ei skulesamanslåing i Breim. Då vil ein sleppe at fleire årssteg går saman i ei klasse i dei ulike faga. Det må også vere ein fordel å undervise for eitt årssteg om gongen og ha klassestorleikar på 15-18 elevar. I Breim er det slik at born som har gått saman i barnehagen, blir skilde når dei tek til på skulen. Det kan vere trasig for mange. I små kull vil det også vere ein fare for at ein blir åleine gut eller åleine jente på eitt årssteg. Mellom foreldra har det også vore ein del snakk om å samle småskulen ved ein av skulane og storskulen ved den andre skulen i Breim. Ei slik løysing hadde vore flott, men då sparer ein kanskje ikkje så mykje pengar, seier ho.

Les heile saka i papiravisa måndag.

Arve Kleppe er leiar av FAU på Byrkjelo skule, og meiner tida er inn for ein skule og ein barnehage i Breim.