– Dette var skikkeleg moro. Vi heldt veldig bra i halvannan omgang, seier Frode Sægrov. Laurdag ettermiddag gjekk prestisjekampen mellom STIL sitt A-lag anno 2000 og dagens lag av stabelen på Idrettsplassen, og det var gamlekarane som trekte det lengste strået med ein fortent 3-2-siger.

– Full klaff med vêret

Arrangørane i Hyen kan sjå tilbake på ei strålande helg. Etter det dårlege vêret tidlegare i veka, som mellom anna gjorde at det nasjonale friidrettsstemnet på idrettsplassen måtte flyttast frå onsdag til torsdag, skein det opp då helga nærma seg.
– Det har vore fleire bilar i sentrum enn nokon gong tidlegare. Vi tek ikkje inngangsbillett, og kan såleis ikkje telje kor mange som er innom i løpet av helga, men talet bilar er i alle fall ein indikasjon på at det har vore publikumsrekord i år, seier Aa Berge.
Særleg kyrkjekonserten med lokale utøvarar i aksjon laurdag ettermiddag var ein suksess.
– Det var heilt fullt i kyrkja. Det er veldig kjekt at det er minst like mange som møter opp når det er lokale utøvarar i sving som når vi hentar nokon utanfrå, meiner den engasjerte leiaren, og uttrykkjer beundring for dei mange frivillige som stiller opp år etter år for å lose arrangementet vel i hamn.
– Vi møter stor velvilje i lokalbefolkninga. Det at hyarane stiller opp og jobbar slik dei gjer midt i fellesferien er berre heilt imponerande, understrekar Magni Aa Berge.

Les heile saka i papirutgåva måndag.

Det strålande vêret gjorde at mange tok turen til Friluftshelga i Hyen. I sentrum laurdag ettermiddag aula det med folk.