Leiar: Endeleg har Gloppen fått eit tidspunkt der ein på fritt grunnlag kan diskutere kva slags form kommunen si næringssatsing skal ha. Bakteppet er dessverre at drifta i Sandane Næringshage ligg heilt nede, det er ei god tid sidan den har fungert som den skulle. Det er naturlegvis beklageleg for ein av dei første hagane i sitt slag, i det som skal vere ein viktig institusjon for etablering og utvikling av bedrifter. Det er i dag 47 næringshagar i landet, som også opererer i eit slags nettverk, med SIVA og Innovasjon Noreg som viktige støttespelarar.

– Er strålande nøgde

Kraft i Vest baud på eit variert og innhaldsrikt program, der det vart sett fokus på mange sentrale tema for kraftbransjen. Alt tyder på at arrangørane har nådd målgruppa på ein god måte.

– Vi har fått fram viktige saker og problemstillingar både for kraftbransjen og samfunnet elles. Vi sette opp eit program ut frå det vi meinte var interessante og aktuelle tema. Det verkar som vi har treft godt med føredragshaldarane, seier Gjengedal.

Kraft i Vest blei arrangert på same tid som Matamål går av stabelen i Gloppen. Det meiner den administrerande direktøren er eit gunstig tidspunkt.

– Deltakarane har fått smake på og høyre om korleis lokal mat vert laga. Det passar veldig bra, det er lange både energi- og mattradisjonar i fylket, konstaterer Terje Gjengedal

Les meir om Kraft i Vest i papirutgåva måndag.

– Vi er svært nøgde med oppslutninga på den aller første bransjekonferansen i SFE-regi, seier Terje Gjengedal.