– Det går mot store raude tal

Det er blitt søndag morgon, og Ingemar Sårheim låser seg inn på festivalkontoret. Han har eit førebels oversyn. Det er langt frå slik dei hadde ønskt.
– Det positive er at arrangementa gjekk heilt prikkfritt. Tilbakemeldingane frå vakter og politi er veldig gode. Anlegget har fungert, og det har vore svært lite bråk, seier Sårheim. Med den satsinga som er lagt til grunn, er det heller ikkje overraskande. Fleire hundre frivillige har stått på. I tillegg er det leigt inn eksterne vakter i tillegg til politiet. Dei hadde det roleg.
– Det mindre positive er publikumstalet. I forhold til rekordåret i fjor med 13.000 personar, ser det ut til å verte berre 9.500 i år. Det er ein relativt stor nedgang, konstaterer Ingemar Sårheim. Med den satsinga vi gjorde i år, betyr ein publikumssvikt på ein tredjedel i forhold til i fjor store raude tal, varslar han.
Sårheim meiner det er fleire årsaker. Vi må innrømme at vêret har mykje å seie. Det var dårleg mange plassar rundt Gloppen og skremde nok vekk mange, men det er nok fleire årsaker, seier han og peikar på at det var fleire arrangement i regionen denne helga. Vassendgutane spela i Hornindal. Mange ville gjerne hatt dei tilbake. På Nordfjordeid var det landsfestival i gammaldans, og i Askvoll båtfestival.
– Det kan og vere at vi har nådd eit punkt der vi ikkje kan vente å halde fram å vekse, men vi har aldri satsa så mykje på artistane som i år, seier Sårheim og tvilar på at det er med på å forklare publikumssvikten. Det økonomiske resultatet er for tidleg å seie noko sikkert om, anna enn at det blir eit betydeleg underskot.
– No må vi evaluere årets festival grundig, seier Ingemar Sårheim.

Les heile saka i papirutgåva måndag.