Nordfjord Folkemuseum. Illustrasjonsfoto.

Ny reform kan halvere talet på museum

Kulturdepartementet foreslår at talet på museum som er med i det statlege museumsnettverket blir redusert frå 62 til 25–30 museum.


Det kjem fram i ei fersk utgreiing Kulturdepartementet har gjort om regionreforma, fortel Klassekampen.


Måla med omorganiseringa skal ifylgje avisa vere betre tilpassing til dei nye regionane, styrking av det museumsfaglege arbeidet med større miljø, meir profesjonell og effektiv drift og betre økonomistyring.


I museumskretsar er det fleire som er skeptiske til planane.


– Eg trur ikkje det vil bli ei god løysing. Dei nye regionane har ikkje mykje samsvar med museumsregionane, verken geografisk eller fagleg, seier administrerande direktør Jostein Skurdal for Stiftelsen Lillehammer museum.


Han peikar på at det framleis er museum som slit etter den førre samanslåingsrunden for ti år sidan. Dersom den nye reforma skal bli vellykka, meiner han det er avgjerande at samanslåingane skjer mest mogleg frivillig og ikkje med tvang.


Museumsdirektør Åshild Adsen ved Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum peikar på si side på at samanslåingar også kan gje positive resultat, men ho meiner det er viktig at det er musea sjølve som får bestemme den nye strukturen. (©NPK)