Erlend Apneseth har fått nok ein pris. Foto Oddlleiv Apneseth.

Ny pris til Erlend Apneseth

Det er ikkje veldig lenge mellom kvar gong Erlend Apneseth får ein pris for felespelet sitt. No er han på ny aktuell med ein pris og denne gongen handlar det om ein ærespris frå Fond for utøvande kunstnarar.



Prisen som er Rolf Gammlengs pris til utøvande kunstnarar vart oppretta i 1982 og går til utøvarar innan musikk og scenekunst som over tid har for ytt «fortenestefull innsats ved grammofoninnspelingar og i sceniske konserter/førestillingar» som det heiter i statuttane.

Sju prisar
Erlend Apneseth fekk ein av sju prisar som vart delte ut på Café Engebret i Oslo i dag. Prisen er på 50.000 kroner og Apneseth er i godt selskap med mellom andre pianisten Liv Glaser og jazzmusikaren og operasongaren Håkon Kornstad. Håkon Kornstad avslutta Jazz på Jølst for nokre år sidan med ein fantastisk konsert i Vassenden kyrkjesenter.
Erlend Apneseth er vel for dei fleste mest kjend som folkemusikar og han har tre nominasjonar til Spelmannsprisen, to i klassen for folkemusikk og ein i open klasse. Apneseth har også fått ein talentpris i tillegg til Folkelarmprisen, Grappas debutantpris, Øyvind Berghs minnepris og Fureprisen. Han har hatt mange samarbeidsprosjekt med andre musikarar, og han har prøvd seg ikkje så reint lite innan jazzen og har vore på både Kongsberg Jazzfestival og Jazz på Jølst med trioen sin. Det har også vore samarbeid med teater for musikaren som er oppvaksen i Jølster, utdanna ved Ole Bull Akademiet på Voss og no busett på Ål i Hallingdal.

Overraska kunstnar
Då vi snakka med Erlend Apneseth i dag tidleg, var han i sving med å rigge seg til for ei barneførestilling i Haugesund og hadde eit program som gjorde at han ikkje kom seg til Oslo for å ta i mot prisen.
– Dette var veldig kjekt og veldig overraskande, fortalde Apneseth som har mange jarn i elden og som mellom mykje anna skal i gang med eit prosjekt der trioen hans skal samarbeide med trekkspelaren Frode Haltli, det skal skrivast musikk til eit teaterstykke og det kjem ny plate ut på våren.
Når det gjeld Frode Haltli, mannen som har vore musikalsk leiar for Skeitreffen i mange år, så har Erlend Apneseth mange lovord å komme med.
– Han er eit overskotsmenneske med uhorveleg mykje kunnskap og er ein som det er veldig inspirerande å samarbeide med.



Ny plate

Erlend Apneseth har mange plateutgjevingar bak seg sidan debuten med «Jølster» i 2012, der han spela i lag med Gro Marie Svidal, Synnøve Bjørset og læremeisteren Sigmund Eikås. Sidan hadde han soloplata «Blikkspor» året etter før han kom med den første med trioen sin i 2016. Til våren kjem det altså ei ny plate, den fjerde med trioen.
– Kva får vi høyre på den nye plata; folkemusikk eller jazz?
– Den blir ei herleg blanding av mange stilartar og er litt vanskeleg å setje i bås. Det er eit bestillingsverk til eit spesielt hus i Bergen, fortel Apneseth som får ei hektisk tid framover med mykje turnéverksemd.
Sist han var å sjå og høyre på heimebane var før jul i fjor då han var på turné med forfattaren Erlend O. Nødtveit og dei hadde framsyning av musikk og litteraturprogrammet sitt i Haugtun i Stardalen.
Kva tid han på nytt blir å høyre på desse kantar av verda, veit han ikkje med håpar det ikkje blir alt for lenge til. Først skal han fordøye endå ein pris som han set stor pris på å få. Så spørst det om den nye plata også får ein nominasjon til Spelmannspriden.
Slikt er ikkje godt å vite noko om, men eg set i alle fall stor pris på å få denne utmerkinga. Det var kjekt, avsluttar ein travel felespelar.



 

Erlend Apneseth og Erling O. Nødtvedt i Stardalen i fjor.
Erlend Apneseth skal samarbeide ein del med trekkspelaren Frode Haltli framover. Haltli har vore musikalsk leiar for Skeitreffen i mange år.