Ordførar Leidulf Gloppestad. Arkivfoto.

– No må vi vise disiplin

– No må vi vere disiplinerte og følgje dei retningslinjene som er utarbeidde for å hindre spreiing av koronaviruset, seier leiar i krisestaben i Gloppen kommune, Leidulf Gloppestad.

Han ser eit sterkt behov for å mane til betre disiplin i ei tid då ein held på å opne opp att det norske samfunnet.

– Må vere heime

– Alle som har symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon skal følgje reglane om karantene og vere heime til ein er symptomfri. Viss ein ønskjer å teste seg, skal ein i karantene i to dagar til ein får svar på prøva. Helsepersonell i kommunen har opplevd at folk vel å la vere å teste seg når dei får vite at dei må i karantene etter testing. Då er det noko ein ikkje har forstått, seier Gloppestad.

Når ein no prøver å opne samfunnet etter fleire veker med nedstenging, er det ifølgje ordføraren viktig å vere med den nasjonale dugnaden.

– Viss ikkje alle følgjer retningslinjene som er laga – både om å halde ein meters avstand og å syte for god smittehygiene – risikerer vi svært raskt at vi må stenge samfunnet ned igjen fordi viruset blomstrar opp og vi har ikkje kontroll, peikar han på.

Vil ikkje ha ny stenging

Han legg til at smitten finst i landet enno.

– Difor er det ein viss fare for at ein kan bli smitta sjølv om situasjonen i dag er ein annan enn for tre-fire veker sidan. Vi ønskjer oss ikkje tilbake til ei nedstenging. Difor må eg innstendig oppmode alle om å følgje retningslinjene og ikkje unnlate å teste seg viss ein sjølv meiner det er grunn for det, slår han fast.

Gloppestad oppmodar innbyggjarane om å setje seg inn i retningslinjer og reglar om karantene. Desse finn ein mellom anna på kommunen si heimeside.