Jølster brannvern er ofte først på plass ved ulukker og andre hendingar. Det er snakk om 35-40 utrykkingar i året, og begge stasjonane har også hjartestartar. Ved rashendingane 30. juli gjorde brannfolka ein stor innsats med evakuering, og dei måtte også ta seg av trafikkdirigering.

Nektar å signere arbeidsavtale

I Sunnfjord kommune er det på trappene ei brannordning som er meint å vere betre enn dei ordningane dei fire gamle kommunane har i dag. Det er ikkje alle samde i.



Brannmannskapa i Jølster har gått til det dramatiske skrittet det er å nekte å signere arbeidsavtale før dei får på plass ei vaktordning som ikkje er dårlegare enn det jølstringane har i dag.

Ikkje vaktberedskap
På siste formannskapsmøte vart saka referert, og ordførar Oddmund Klakegg stilte også spørsmål om brannordninga på siste kommunestyremøte i Sunnfjord for ei veke sidan.

Det saka kort fortalt handlar om, er at Jølster i dag har ei vaktordning der eitt brannbefal alltid har vakt og at denne vaktordninga rullerer mellom fire mann på stasjonane på Skei og Vassenden. Dei har vakt ei veke kvar. Dette sikrar kort reaksjonstid, at brannmannskap vil vere raskt på plass ved ei hending og at dei vaktmannskapa som rykker ut slepp å vere åleine på ein skadestad.

Slik det blir lagt opp til i den nye brannordninga, skal ikkje stasjonar som dekker tettstadar under 3000 menneske ha vaktberedskap. Elles skal stasjonane på Skei og Vassenden ha 16 personar i teneste som i dag, men vaktberedskapen skal plasserast i Førde.

Vidare er det lagt opp til at det kan bli ei ordning der teknisk vakt på Skei også skal fungere som brannvakt, og for indre deler av Jølster kan det bli aktuelt med samarbeid med Gloppen om beredskap.

Steile frontar
– Vi har ei konflikt og vi opplever at leiinga ikkje gjer noko for å dempe den, seier Stig Tveit som er knytt til stasjonen på Vassenden og er talsmann for Jølster brannvern.

Han er oppteken av at Jølster i den nye kommunen skal ha ei minst like god brannordning og beredskap som i dag.

– Vi har som utgangspunkt at det i alle fall ikkje skal bli dårlegare, seier Tveit som hevdar at jølstringane ikkje er blitt tekne med på råd når det gjeld ny brannordning.

For ei veke sidan hadde kommunalsjef for teknisk og miljø i Sunnfjord kommune, Øyvind Bang Olsen, og brannsjef Bernhard Øberg eit møte med Jølster brannvern der det vart gjort eit forsøk på å kome til semje, men utan at så skjedde.

– Vi opplevde lite rørsle i desse forhandlingane og situasjonen verkar fastlåst. Det einaste vi har registrert som framgang i denne saka er at det blir snakka om ei ordning med at teknisk vakt også skal vere brannvakt. Elles kan vi lese mellom linene at Vassenden skal servast frå Førde, medan Skei skal få hjelp frå Breim når det gjeld beredskap, seier Tveit.

Vil ha det som før
Dei fire kommunane har hatt ulike ordningar når det gjeld brannberedskap, men dette skal no samordnast. Ifølgje Stig Tveit har Jølster hatt ei fleksibel ordning som har fungert, og han fortel at brannmannskapa tykkjer den konflikten som eksisterer no er tung å halde seg til, og at dei hadde sett at dei var den for utan.

– Dette er ei trasig sak og situasjonen er fortvila for mannskapa som på ingen måte ønskjer å bruke tid og energi på slikt. Men i verste fall risikerer vi no at dei slår av alarmane sine ved midnatt nyårsaftan. Vi er opne for dialog, men kravet er at vi skal ha ei brannordning i Jølster 1. januar som er minst like god som den vi har i dag, er den klare meldinga hans.

Brannordninga skal opp i utval for samfunn, næring og kultur i dag og i kommunestyret neste onsdag.

Søndag sende Jølster brannvern brev til utvalsmedlemmene. Der gjer dei greie for synet sitt, og dei set fram krav om at brannordninga går tilbake til administrasjonen for ny behandling der fagmiljøa i dei noverande kommunane blir involverte.

– Dei ordningane som pt. fungerer i dei fire kommunane må halde fram med dei rutinar og instruksar, samt det mannskap og dei ordningar for vakt og beredskap som der finst. Dette vil sikre nødvendig involvering og forankring og legge grunnlag for ei god og robust brannordning i Sunnfjord. Blir brannordning vedteken slik den ligg føre, vil truleg alle mannskapa som i dag er knytt til Jølster Brann og Redning gå ut av beredskap 31. desember 2019, kl. 24.00, heiter det i brevet.

Trur på ordninga
– Situasjonen er som de ser alvorleg, seier kommunalsjef Øyvind Bang Olsen i eit notat til rådmann Ellen Jensen.

Til Firda Tidend seier han dette:

– Vi arbeider med ei overgangsordning fram til nyår der vi prøver å ivareta Jølster sine interesser på beste måte. Vi ser at vi treng ei overgangsordning, og når det gjeld stasjonen på Skei, ser vi at det trengst ei vaktordning i den delen av Sunnfjord kommune. Teknisk vakt der vil få naudsynt opplæring og kompetanse til å gå inn som brannvakt, seier Bang Olsen som meiner dei er inne i ein god prosess og at den nye brannordninga vil bli til beste for den nye kommunen.