Heim   >   Nyhende   >   Nedgang på polet

Handlekorg med vinflasker på Vinmonopolet. Salet av vin gjekk ned med 2,1 prosent samanlikna med første halvår i fjor. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Nedgang på polet

Oslo toppar lista over fylke der det blir handla mest på Vinmonopolet. Hittil i år har kvar Oslo-innbyggjar handla 8,8 liter alkohol på polet.

I gjennomsnitt handla kvar nordmann 7,2 liter alkohol på Vinmonopolet i første halvår.

Nest mest i Finnmark

Mellom januar og juni i år har det til saman vorte selt 5,9 millionar liter alkohol i Vinmonopolets filialar i hovudstaden. I Akershus vart det i same periode selt 4,7 millionar liter. Like bak følgjer Hordaland med 3,8 millionar liter og Rogaland med 3,3 millionar liter.

Heilt i botnen av same liste ligg Finnmark – med litt over 500.000 liter selde. Likevel har innbyggjarane i Finnmark i snitt handla 8,3 liter kvar på Vinmonopolet så langt i år. Det er nest mest per innbyggjar av alle dei 18 fylka i landet.

Per innbyggjar har det vorte selt minst i Østfold – der kvar innbyggjar i snitt har handla berre 4,3 liter. Hovudårsaka til det er betydeleg grensehandel i Sverige. Østfold har klart lågast omsetning per innbyggjar innan kjøp av mat og drikke, ifølgje ferske tal frå Virke.

Nedgang i alkoholsalet

I første halvår i år har Vinmonopolet totalt selt 38,2 millionar liter alkohol på landsbasis – 1,3 prosent mindre enn i same periode i fjor. Rekordvarmen i fjor blir trekt fram som hovudårsak til nedgangen.

– Lokal handel verkar å profittere på godvêr fordi dette inneber redusert grensehandel i perioden godvêret varer. Dette poenget blir understreka av at dei tre fylka som har vekst i første halvår, er Nordland, Troms og Finnmark – dei tre fylka som ikkje var råka av hetebølgja i fjor, seier pressekontakt Hege-Lill Hagen Asp i Vinmonopolet.

Årets sommar har hittil bydd på mykje nedbør i store delar av landet, og dette blir reflektert i salstala. Sal av raudvin og brennevin har gått opp, medan kvitvin og rosévin har gått ned – dei to siste blir det selt som regel mest av i godvêr.

– Likevel kan boblar blir sagt å vere årets trend så langt. Både øl, musserande og sider har salsvekst så langt og framstår dermed som kategoriar som er mindre påverka av vêr og varme enn raudt, kvitt og rosé, seier Asp vidare.

Raudvin er favoritten til nordmenn

Det totale alkoholsalet på polet gjekk ned 6,6 prosent i juni i år samanlikna med juni i fjor. Asp understrekar at det var éin fredag mindre i juni i år enn det var i fjor. Typiske salstal for ein fredag i juni er 550.000 liter.

I år var pinsa i juni. I fjor var ho i mai. Det gjer det vanskeleg å samanlikne tala, ifølgje Asp.

Raudvin er framleis Vinmonopolets soleklare mest selde varekategori og stod for nesten halvparten av det totale salet i fjor. I 2018 kjøpte nordmenn til saman 38,7 millionar liter raudvin. Spesielt spansk og fransk raudvin er blant favorittane hos folk flest.

NPK-NTB – Fredrik Moen Gabrielsen