Natalie Sandtorv med Freedom Nation kjem til Trivselshagen

Natalie Sandtorv er på full fart opp og fram på den norske musikkscena. I fjor blei ho kåra til ”årets jazztalent” på Molde Jazz og kvitterte med eit fyrverkeri av ein konsert. Ho har openbart brukt tida godt, og debutplata ble sleppt i oktober. Den er fengande, vakker og tøff, stort og ambisiøst, med tunge grooves og feite synthesizerar.

Musikken sender tankane mot artistar som Highasakite, Susanne Sundfør og Aurora. Men Natalie Sandtorv og bandet er meir kompromisslause enn desse, med eit lydbilete som trekk vekslar på støymusikk, ambient og samtidsjazz. Dei er rett og slett endå tøffare og meir hardtslåande!

Sidan oktober har bandet turnert i Noreg, Tyskland, Frankrike og Danmark. Konsertane har vore godt besøkte og har fått svært gode kritikkar. Anerkjende nettstader som NME.com har trekt henne fram som ein artist å halde auge med i tida framover, og ho vart nominert til Gaffa-prisen 2017 som årets nykommar.

Det har i det heile skjedd mykje det siste året, og endå meir er det å sjå fram til. Ny singel er på veg, og no kjem ho på besøk til Trivselshagen i regi av Vestnorsk Jazzsenter, på ”Den Musikalske Stamvegen”. Turné-ordninga har sidan starten stått for over 250 konsertar med over 150 musikarar. 18. april er det klart for Natalie Sandtorv og hennar Freedom Nation i kultursalen.