Vaktskifte: Britt-Jannicke Sunde Lundal starta mjukt i fjor, men i år er det ho som har begge hendene på rattet i Stardalen Hyttegrend etter at Jacob Flatjord har takka av.

– Welcome to the middle of nowhere

Sidan 1994 har Jacob Flatjord drive med hytteutleige i bygda under breen. No har han overlate styringa av dei ti hyttene i Stardalen Hyttegrend til nye krefter.

– Eg har prøvd i fleire år, utan at det har gitt resultat, seier Jacob Flatjord morskt, om forsøka på å gje frå seg styringa over Stardalen Hyttegrend, før han med eit smil legg til:

– I fjor klarte vi det endeleg, då vi greidde å engasjere Britt-Jannicke Sunde Lundal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nært på fjella og breen: – «Welcome to the middle of nowhere!» har vore opningsreplikken min til turistane i alle år, seier Jacob Flatjord.

Sidan 1994

Sunde Lundal er dagleg leiar på Stardalen Sommarkafé, og delte i fjor ansvaret for hyttegrenda med Flatjord. I år har 71-åringen trekt seg heilt ut, og kan sjå fram til ein sommar med litt meir fri.

– Det er vel eigentleg fem år på overtid, eg kan ikkje gå her som ein sjuande far i huset, heller, konstaterer pensjonisten som har hatt dagleg leiar-stillinga sidan 1994, då dei seks første hyttene stod ferdige.

Den gongen var det ti grunneigarar som gjekk saman om å starte med hytteutleige på området som då stod ubrukt, idyllisk plassert på ei høgde midt i den langstrekte dalen i enden av Sunnfjord. I 2001 stod ytterlegare fire sommarhytter klare, og sidan har det vore ein jamn straum av turistar frå inn- og utland i dei ti hyttene.

Bada er pussa opp til årets sesong.

Mest frå utlandet

Koronapandemien la i 2020 si klamme hand på turiststraumen, men no er ting byrja å kome tilbake til normalen.

– Sesongen ser veldig bra ut, frå byrjinga av juli og til midten av august er det nesten heilt fullbooka, med unntak av ei og anna enkeltnatt inn i mellom, seier Sunde Lundal.

Ho fortel at det er mesteparten utanlandske gjester som har bestilt.

– Nordmennene reiser andre stadar, og helst etter vêret. Vi har mange turistar frå Nederland, Belgia, Spania, Italia, og denne veka har vi japanarar på besøk.

Breen

– Tyskarar har vi ikkje hatt så mykje av, dei vil helst ha stortåa ned i vatnet ein plass, smiler Jacob Flatjord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan ikkje vi skilte med her, men dei siste åra har dei òg funne ut at det ikkje berre er sjø og vatn som gjeld, legg han til.

Ifølgje Britt-Jannicke Sunde Lundal er det spørsmål om turmoglegheiter og først og fremst breen som går igjen når ho pratar med turistane ved inn- og utsjekk. Det overraskar ikkje Flatjord.

– Haugabreen er ein av dei få breane ein kan kome seg lett til, det er berre å ta på seg stegjernet og gå rett inn på, slår han fast.