Sigmund Grinde og sonen Frode Grinde leiger ut to hytter på Rauset. – Utan tvil den finaste plassen på jord, seier Sigmund audmjukt.

– Finaste plassen på jord

Med panoramautsikt til omverda og fjelltoppar så langt auget maktar å sjå, ligg vestlandsidyllen lett tilgjengeleg for dei som leiger seg inn på Kvitfella feriehytter på Rauset på sørsida av Gloppefjorden.

Dess lenger opp du kjem i bakkane mot Rauset, dess meir veks trua på at du kan strekkje deg og ta på himmelen.

Historisk sus

Sigmund Grinde og sonen Frode bur på den nest øvste garden i bygda, og har vel 60 dyr av typen Angus Aberdeen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2000 sette dei opp to feriehytter på garden, og sidan den gong har dei to karane husa turistar på sommaren og arbeidsfolk på vinterstid.

Sigmund lovar god utsikt og gode naboar om du leiger deg inn på ein av dei velutstyrte hyttene, og eit aldri så lite historisk sus når du legg deg om kvelden.

Under gravinga til grunnen fann dei nemleg restar av ei gammal vikinggrav.

– Det viste seg at det var ei vikingkvinne, og ho har lege der sidan år 800, seier han og viser ein stein som er sett opp i hagen for å markere der grava låg.

Bak høge gjerde, men med god blikk-kontakt, kan du prate med Angus-kyrne på garden. Dei går ute heile året.

Fjord og fjell

På den andre sida av gjerda står nokre av dei gode naboane og lever det gode uteliv heile året.

– Men dei er nok på tur i fjellet om sommaren, fortel Sigmund om ammekyrne som tar med seg kalvane opp i endå høgare trakter på sommarferie.

Hyttetrappa på Rauset er eit fint utgangspunkt om du vil gå i fjellet eller nyte fjorden.

– Vi har båt nede ved fjorden som hyttegjestane kan bruke, og her oppe er det eit uendeleg tal fjellturar ein kan bryne seg på, med både fiskevatn og badevatn, konstaterer hyttebonden.

Artikkelen held fram under annonsen.

La humla suse: Om fjorden eller fjellet ikkje lokkar, kan ein ta ein pust i bakken og nyte utsikta til noko av det beste Vestlandet har å by på.