– Eit klart brot på vedtektene

– Å starte fusjonsutgreiingar mellom Eviny og SFE er eit heilt klart brot på vedtektene til SF Holding, seier Kjell Magne Birkelund.

Han er leiar i den lokale avdelinga av NITO, den største fagforeininga i SFE, og er slett ikkje overraska over at Eviny er interessert i SFE.

Les også
SFE og Eviny kan bli slått saman

Overraska

– Det er ikkje noko nytt. Det er godt kjent at dei lenge har ønskt eitt stort energiselskap på Vestlandet, peikar Birkelund på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er andre forhold dei SFE-tilsette undrar seg langt meir over, og som overraskar.

– Det er at den største eigaren vår, Sogn og Fjordane Holding AS, med 49,56 prosent av aksjane er med på å starte fusjonsutgreiingar, seier Kjell Magne Birkelund.

SF Holding vart, som alle veit, etablert då Sogn og Fjordane gjekk saman med Hordaland til Vestland fylke. Det skjedde for å sikre at verdiane vart verande i fjordfylket.

– Å starte fusjonsutgreiingar er eit klart brot på vedtektene, meiner Birkelund.

Skal sikre verdiane

Han viser til paragraf tre i vedtektene som vart vedtekne 8. oktober 2019.

– Der heiter det at SF Holding si verksemd er «ved eit langsiktig og stabilt eigarskap å sikre at dei verdiane som ligg i eigarskapen til aksjane i SFE AS - og sjølve eigarskapen - kan bli verande i Sogn og Fjordane», viser han til.

Vidare står det at «føremålet med å eige og utøve aksjonærrettane til aksjane er å styrkje SFE AS som eit viktig sjølvstendig, regionalt og lokalt eigd kraftselskap i Sogn og Fjordane.

Det også uttrykt ei målsetjing om å auke SF Holding AS sin eigarskap i SFE AS, mellom anna ved kjøp av aksjar og deltaking i kapitalutviding. Selskapet kan også gje ansvarleg lån til SFE AS for å styrkje selskapet sin soliditet og posisjon som eit viktig sjølvstendig regionalt kraftselskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klar tale

Kjell Magne Birkelund ser derfor eventuelle fusjonsutgreiingar som eit klart brot på vedtektene som er underskrivne av Jenny Følling (Sp) som då var fylkesordførar.

– Det undrar oss at ho no vil starte fusjonsutgreiingar. All erfaring viser at fusjonar fører til sentralisering, og det er vanlegvis ikkje Senterpartiet særleg positive til, seier Kjell Magne Birkelund.

Dei NITO-organiserte i SFE som Birkelund er talerøyr for, undrar seg også på om dei andre eigarkommunane i SF Holding AS var orienterte om at det vil bli starta fusjonsutgreiingar, og om det var forankra i eigarkommunane.

– Vi forventar at eigarkommunane kommuniserer tilbake til styret i SF Holding AS at det ikkje skal startast fusjonsutgreiingar, seier han.

Står stødig

I pressemeldinga frå Eviny og SF Holding vert det synt til at Vestlandet står framfor eit avgjerande tiår der Noregs viktigaste eksportregion skal gjennom ei omstilling som vil krevje tilgang til mykje ny fornybar energi.

– Vi deler det synet, men det løyser vi godt slik det er i dag utan å fusjonere, meiner Birkelund.

Han viser til at SFE har bygd ei rekkje vass- og vindkraftverk i Sogn og Fjordane dei siste fem åra, eit par av vasskraftverka i samarbeid med Eviny, Jølstra kraftverk og Østerbø kraftverk.

– I tillegg har SFE ei rekkje prosjekt i porteføljen. Vi har planar, og vi har i mange år vist at vi greier å realisere dei. SFE er ei solid bedrift med god økonomi, peikar han på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Fusjon er ikkje nødvendig for å levere på samfunnsoppdraget

Ligg i front

Det vert ofte hevda at det er vanskeleg å skaffe og halde på kompetanse utanfor dei store byane.

– Vil det ikkje vere positivt å bli del av eit større fagleg miljø?

– SFE er ein interessant stad å arbeide med eit pulserande og attraktivt miljø som tiltrekkjer seg flinke folk, seier Kjell Magne Birkelund.

Han viser til at SFE er i front innan krafthandel.

– Vi har kompetanse som blir lagt merke til innan bransjen. Vi har t.d. eigenutvikla programvare som optimaliserer kraftproduksjonen. Det har fått nasjonal merksemd og omtale i Europower. Vi har også eigen døgnbemanna produksjonssentral. Dette har vi gjort fordi vi torer å gå eigne vegar og satse på det vi trur på, seier han og meiner SFE ikkje har rekrutteringsproblem.

Les også
– Eviny treng SFE meir enn SFE treng Eviny

Sentralisering

Kjell Magne Birkelund peikar på at den klassiske retorikken er å starte utgreiingar med eit ope sinn, men Eviny sitt tidlegare uttrykte mål om eitt stort energiselskap på Vestlandet gjev grunn til å tru kva målet er. Det er verken status quo eller at Eviny sel seg ut av SFE. Det er dei to andre alternativa som skal utgreiast.

– Då er vi prisgitt eit hovudkontor i Bergen som bestemmer. Vi har også følgt med på kva som har skjedd etter fusjonen mellom Sunnfjord Energi og Eviny (tidlegare BKK). Der vart det lovd både det eine og det andre, men vi har sett fleire medieoppslag om at det ikkje vart slik det var lova.

Stel fokus

– Har dei varsla tingingane skapt uro blant dei tilsette?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Uroa vår er knytt til å behalde kompetansearbeidsplassar i vår region i framtida. All erfaring tilseier at fusjon betyr sentralisering. I tillegg stel slike prosessar fokus frå kjerneaktivitetane våre, seier Kjell Magne Birkelund.

Han meiner det er viktig å stogge prosessen no på eit tidleg stadium.

– No skal det utgreiast på eit overordna nivå i seks veker. Dersom prosessen stoppar, og det blir med det, er ikkje dette så farleg. I motsett fall viser det seg ofte at slike prosessar blir så store, tunge og uoversiktlege at styra og eigarane har vanskar med å argumentere imot. Då endar det ofte med fusjon, fryktar han.