Gloppa tretopphytte ligg idyllisk til på Gloppestad, eit par minuttars køyretid til Sandane sentrum. Foto: Olav Aabrekk

Å sove i eitt med naturen

Å overnatte mellom tretoppane blir stadig meir populært, og trehyttene på Sandane har vore nær fullbooka sidan dag ein.

Olav Aabrekk hadde lenge vore nysgjerrig på konseptet trehytter, og har laga fleire skisser av ulike løysingar og design opp i gjennom åra.

Raskt populær

– Eg hadde lyst å få til litt skikkeleg komfort, og ei god kjensle av at ein var inne i og i eitt med naturen, seier gründeren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den første hytta såg dagens lys på Engesetåsen over Sandane i 2017. Ryktet gjekk, og det eine Instagram-innlegget tok det andre. På slutten av sesongen var det mange som hadde vore innom hytta med den spektakulære utsikta over Sandane, Sørstrandsfjella og Gloppefjorden.

– Den vart veldig populær, men det var mange som tok kontakt og ville ha med ungane sine. Det var det ikkje plass til i denne hytta, og difor sette vi opp ei to-etasjar familiehytte året etter. Her er det mellom anna ein trestamme i staden for trapp mellom 1. - og andre 2. etasje, smiler han.

Romslegare

Og denne sommaren er hytte nummer tre på trappene òg. Aabrekk er far til ein gut som har CP, og familien har sakna eit tilbod på litt utradisjonelle stadar å overnatte for dei som har behov for litt ekstra plass og lettare tilkomst.

– Eg har følt litt på at eg er programforplikta til å ikkje berre klage på andre plassar, men faktisk gjere noko sjølv med dette tilbodet, innrømmer han.

Difor er bygg nummer tre på Engeset utforma slik at ein kan trille rett inn i ei romsleg hytte med lågare kjøkenbenk og brytarar mellom anna.

– Den kan òg vere aktuell for dei som treng litt meir komfort, sidan den har eige toalett.

På området er det òg ein eigen gapahuk med bålplass som gjestene kan nytte seg av.

Gloppa

Det siste tilskotet på trehyttestammen finn du litt lenger ute langs Gloppefjorden, på Gloppestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aabrekk og samarbeidspartnar Marius Tenden hadde ein ide om ei flyttbar hytte, som kan flyttast etter sesong og andre forhold.

– Det er så mange flotte plassar i regionen vår, men det er ofte ein økonomisk bøyg å komme over når ein skal sette opp ei hytte. Difor hadde vi lyst å lage ei slik hytte, og gå i samarbeid med ein grunneigar om ein plass som både han og vi synest er fin og tilgjengeleg.

Alle dei flotte plassane

På Gloppestad har dei funne nettopp ein slik plass, og har fått dispensasjon til å ha hytta ståande i eit hogstfelt i ti år.

– Bonden skal ikkje bruke dette området før trea skal hoggast ned, og på denne måten kan han få leigeinntekter medan han ventar. Når avtalen er over vil vi pakke saman hytta, og det vil ikkje merkast at den har stått der. Slik får ein utnytte fleire, fine destinasjonar, seier Aabrekk.

Internasjonalt

Bestillingsboka for trehyttene er nærast fylt opp for sesongen, og slik har det vore sidan starten i 2017.

– Vi såg litt mørkt på det då koronaen slo inn, men det viste seg at nordmenn fekk auga opp for alle dei fine plassane vi har å ta av her på Vestlandet. No er dei utanlandske turistane byrja å kome, og denne sommaren har vi bestillingar frå Kina, Japan, India, Saudi-Arabia, Storbritannia, USA og eigentleg heile verda. Det verkar for å vere eksotisk å sove mellom trea, smiler han.